For sensorar og tilsette

Her finn du nyttig informasjon om sensurering og eksamensavvikling.


Nytt eksamenssystem: WISEflow

  • Frå 1. september 2026 vil alle eksamenar ved Nord universitet føregå i WISEflow.

    Våren 2026 bytte Nord universitet eksamenssystem frå Inspera til WISEflow. Nord universitet har no det same digitale eksamensverktøyet som dei fleste universitetar og høgskuler i Norge. Dette forenklar samarbeidet med sensorar på tvers av universitet og høgskuler og bidrar til at studentar som tar fag og grader ved ulike institusjonar, møter eit eksamenssystem som de kjenner frå før. WISEflow har i stor grad tilsvarande funksjonalitet som dagens eksamenssystem.

  • Hausten 2026:

    • Alle innleveringar og skoleeksamenar i WISEflow frå 1. september.

    Våren 2026:

    • Heimeeksamenar/innleveringar som skal leverast etter 4. mai skjer i WISEflow. Grunngjeving og klagebehandling vil også føregå i WISEflow.
    • Dei fleste skriftlege skoleeksamenar skjer i Inspera. Grunngjevingar for desse går i Fagpersonweb, klagebehandling i Inspera.

  • Opptak av opplæring av emneansvarlege og sensorar starta 25.03.2026 finner du her (iNord).

    WISEflow - innlogging

    Rettleiar
    - Korleis opprette eit oppgåvesett og knytte til ein eksamen/flow (pdf)
    - Sensurering, klage og begrunnelse i WISEflow (pdf) (for sensorar)

    Kunnskapsdatabase for WISEflow (kun engelsk)
    - forfattarrolla
    - sensorrolla

    Opplæringsmodular (kun engelsk): 
    https://uniwise-e-learning.web.app

    Studentar finn demoflows (demo-eksamen) i WISEflow. Her kan dei prøve ut ulike typer eksamenar og bli kjent med funksjonane i WISEflow. 

    Tips!

    Om du får automatiske meldingar frå WISEflow på privat e-post og ikkje ønsker det, gå inn på profilen din (øverst til høgre) og fjern haka for e-postadressen du ikkje vil motta meldingar på.


Før sensur

  • Studentane skal sjølv melde seg til undervisning og vurdering via Studentweb innan gitte fristar oppgitt i studiekalenderen. Kontakt seksjon for eksamen og vitnemål på eksamen@nord.no om det oppstår problem. Studentane får tilgang til sine emne i Canvas når dei er undervisningsmeldte.

  • Seksjon for eksamen og vitnemål har ansvar for publisering av eksamensdatoar til studentane under "Kommende hendingar" i Studentweb. Tilsette finn eksamensdatoene i Fagpersonweb under "Emne" og "Vurdering". Seksjon for eksamen og vitnemål og fakulteta samarbeider om eksamensplanlegginga. Dette er eit viktig ledd i kvalitetssikringa av eksamen ved universitetet slik at vi unngår kollisjonar og manglar.

    Varigheit på eksamenar (vedteke i Utdanningsutvalet 17.06.2022):

    Standard starttidspunkt vil vere kl. 09.00, og standard innleveringstidspunkt vil vere kl. 14.00. Altså vil ein eksamen av tre dagars varigheit ha oppstart kl 09.00 dag 1 og innlevering kl. 14.00 dag 3.

    Standarder og definisjon på varigheit:

    • Eksamen innanfor 1 dag oppgis som timar eller minutt.
    • Eksamen med varigheit 1 til 2 dagar oppgis som timar.
    • Eksamen med 3 dagar eller mer oppgis som dagar.
    • Eksamen med varigheit 1 veke er 7 dagar.
    • Eksamen med varighet 2 veker er 14 dagar.
    • For 7 eller 14 dagars eksamenar som starter på ein måndag, vil innleveringstidspunkt bli måndag kl. 14.00 – ikkje søndag.
  • §10-2 Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet

    Ulikskap frå fakultet til fakultet kan førekomme.

  • Emneansvarleg har ansvar for at namn og kontaktinformasjon til sensorar blir formidla til eksamensadministrasjonen på fakultetet. Sensorane skal vere registrert i FS seinast åtte veker før eksamen.

    • Kvalifikasjonskravet for sensor bør vere det same som kravet for å undervise i emnet. I særlege tilfelle kan relevant yrkeserfaring godkjennast som kvalifikasjon (henta fra UHR).
    • Ekstern sensor kan ikke ha vore tilsett ved Nord universitet i siste føregåande semester (henta frå §10-2 punkt 3 Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet).

    For kvar sensor (intern eller ekstern) gjeld det at vedkommande ikkje er inhabil i forhold til nokon av eksamenskandidatane.

  • Eksamensoppgåva (oppgåvesettet) skal vere universelt utforma.

    Eksamensoppgåven skal liggje føre på bokmål og nynorsk i samsvar med den målforma som studenten har valt ved oppmelding til eksamen, jf. forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet § 8-1 (3).

    Tilsette finn ein oversikt over valgte målformar i Fagpersonweb under "Emne" og "Vurdering".

    Lage eksamensoppgåve i WISEflow

    WISEflow - innlogging

    Hjemmeeksamen (HJ), oppgave (OP) og mappe (MA) krever ofte kun opplasting av eksamenoppgåve i pdf. Bruk forsidemalar (sjå nedtrekksmenyen under).

    Rettleiar
    - Korleis opprette eit oppgåvesett og knytte til ein eksamen/flow (pdf)

    Oppgåvesett til skule- og heimeeksamen skal vere klart og lagt inn i WISEflow seinast tre veker før eksamensdato/innleveringsfrist.

    Kunnskapsdatabase for WISEflow (kun engelsk)
    - Forfattarrolla

    Opplæringsmodular (kun engelsk): 
    https://uniwise-e-learning.web.app


    Eksamen med penn og papir:

    Emneansvarleg har ansvar for at eksamensoppgåven leverast eksamensadministrasjonen seinast to veker før eksamensdato. 

  • Emneansvarleg har ansvar for at det blir utarbeidd skriftleg sensorrettleiing (sensorveiledning) for alle eksamenar.

    Mal for sensorrettleiing

    Rutinebeskrivning for sensorrettleiing

    Emneansvarleg har ansvar for at sensorrettleiinga blir lasta opp i Inspera/WISEflow for digitale eksamenar.

    Korleis legge til sensorrettleiing i WISEflow:

    • Legges til på sjølve prøva (flowen)
    • Gå til tilknytta flows
    • Vel riktig flow
    • Legges til på "Sensorveiledning"

    Korleis legge til sensorrettleiing i Inspera:

    • Trykk på fana «Vurdering».
    • Vel emne.
    • Trykk på knappen «Val» i øvre høgre hjørne.
    • Velg «Sensorveiledning ikke funnet».
    • Last opp fil.

    Eksamen med penn og papir:
    Sensorrettleiinga må sendast til eksamenskontakten på fakultetet.

    For studentar:
    Emneansvarleg har ansvar for å gjøre sensorrettleiinga tilgjengeleg i Canvas for kandidatane etter at sensur er kunngjort.

  • Digital arbeidskontrakt skal signeres før sensuroppdraga startar. Les meir på sida Tilsetting og arbeidskontrakt

  • Om sensoroppdraget inneber nærvær på eitt av våre campus/studiestader oppmodar Nord universitet sensor om å bestille reise og overnatting gjennom Berg-Hansen reisebyrå.

    Berg-Hansen
    E-post: nordnorge@berg-hansen.no​
    Tlf:  (+47) 75 800 800 ​​

    Ver vennleg å oppgi Nord universitet, namn på fakultet og kva emne det gjeld. Oppgi på reiserekninga opplysningar om reise og overnatting, og legg ved aktuelle kvitteringar/bekreftingar. Reiserekning blir dekt etter statens regulativ.

Under sensur

Ved skriftleg eksamen skal sensur registrerast i Inspera eller WISEflow. For øvrige eksamenar (munnleg og praktisk), samt obligatorikk (obligatorisk deltaking og arbeidskrav), skal sensur registrerast i Fagpersonweb. Seksjon for eksamen og vitnemål sørgjer så for kunngjering av sensuren til studentane i Studentweb.

  • Intern sensor loggar inn med Feide. 
    Ekstern sensor loggar inn med ID-Porten.​​ 
    Logg inn i Inspera

    Sensur registrert av sensorane i Inspera går IKKJE automatisk ut til kandidatane - det er seksjon for eksamen og vitnemål som står for kunngjeringa av sensuren etter at den er ferdigstilt i Inspera. Sensur skal derfor vere ferdigstilt i Inspera innan kl. 12.00 den dagen sensurfristen går ut.

    Vurderingsverktøyet

    Det finst to vurderingsverktøy i Inspera: Klassisk vurderingsverktøy og Vurdering 2.0. Vurdering 2.0 er aktivert på dei fleste prøvane. 

    Vurdering 2.0:

    Norsk b​rukarrettleiing​

    Klassisk vurderingsverktøy: 

    Norsk brukarrettleiing
    Engelsk brukarrettleiing

    Problemer med vurderingsverktøyet?

    Ta kontakt på eksamen@nord.no eller tlf 75 51 71 10.

  • WISEflow - innlogging

    Rettleiar
    - Sensurering, klage og begrunnelse i WISEflow (pdf) (for sensorar)

    Kunnskapsdatabase for WISEflow (kun engelsk)
    - sensorrolla

    Opplæringsmodular (kun engelsk): 
    https://uniwise-e-learning.web.app

    Jobbe offline i WISEflow:
    Offline Marking Functionality

    Automatisk publisering av karakterar:
    Frå våren 2026 blir det automatisk publisering av karakterar frå WISEflow. Dette medfører at fristar for grunngjeving og sensur kan bli ulike for studentane i eit emne. Ønsker du at all sensur i eit emne kunngjerast samtidig, kan eksamenskontakten på fakultetet sette kunngjeringsdato, eller du kan vente med å fullføre vurderinga i WISEflow.

  • Interne sensorar loggar på med Feide. ​
    Eksterne sensorar loggar på med ID-porten.

    Logg inn i Fagpersonweb

    Samsensur kan foregå på to måtar: Alle sensorar registrerer kvar for seg, eller ein sensor registrerer på vegne av kommisjonen og dei øvrige sensorane signerer. 

    OBS!
    I Fagpersonweb er det ikkje mulig å registrere ikkje møtt/ikkje levert. Ikkje legg inn noko på desse kandidatane – la feltet stå blankt slik at eksamenskontoret kan registrere ikkje møtt/ikkje levert. Bekreft gjerne i eigen e-post til eksamenskontoret kva for kandidatar dette gjeld.

    Registrering av obligatorisk deltaking og arbeidskrav skal også gjerast i Fagpersonweb.

  • Fra forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet § 10-3:

    • Sensur skal kunngjerast seinast 15 virkedagar etter eksamensdato.
    • For masteroppgåver skal sensuren kunngjerast innan 30 virkedager frå innleveringsfristen.
    • For bacheloroppgåver og kandidatoppgåver av minst 20 studiepoengs omfang skal sensuren kunngjerast innan 20 virkedagar frå innleveringsfristen.
    • For munnlege eller praktiske eksamenar skal sensuren kunngjerast seinast 24 timer etter siste eksamensdag i emnet.
    • For skriftlege arbeid med påfølgande justering etter munnleg eller praktisk eksamen, kunngjerast sensur for det skriftlege arbeidet senest 24 timer før munnleg eller praktisk eksamen.

    Emneansvarleg har ansvar for at sensur er ferdigstilt innan kl. 12.00 den dagen sensurfristen går ut.

    Hovudregelen er at ekstern sensor avgjer når det er usemje mellom intern og ekstern sensor.

    Dersom sensurfristen på grunn av særleg spesielle omstende ikkje kan overhaldast, skal emneansvarleg, eventuelt intern sensor, informere eksamenskontoret om årsaka til forseinkinga og når sensur vil føreligge.

    Sensur til studentane blir kunngjort på Studentweb. For munnlege og praktiske eksamenar kan sensur meddelast munnleg i forkant av kunngjering i Studentweb.

    Automatisk publisering av karakterar:
    Frå våren 2026 blir det automatisk publisering av karakterar frå WISEflow. Dette medfører at fristar for grunngjeving og sensur kan bli ulike for studentane i eit emne. Ønsker du at all sensur i eit emne kunngjerast samtidig, kan eksamenskontakten på fakultetet sette kunngjeringsdato, eller du kan vente med å fullføre vurderinga i WISEflow.

  • Alt skriftleg arbeid som blir levert i Inspera, med unntak av skuleeksamen, blir automatisk kontrollert i Originality. Det er intern sensor sitt ansvar å sjekke treffprosent og sjå plagiatrapporten i Originality.

    Korleis opne plagiatanalysen?

    Når sensor opnar prøva i Inspera og vel «Kandidatoversikt» i venstremenyen, vil kva nivå på tekstlikskap svaret har bli vist som Low, Medium eller High Risk. Når sensor vel «Vurder oppgåvesvar» i venstremenyen, blir «Originalitetsindeks» vist som ei eiga fane like over svaret. Denne fana kan opnast, og ein vil få tilgang til plagiatanalysen i Originality.

    Kva har intern sensor og ekstern sensor tilgang til? 
    Både ekstern og intern sensor har tilgang til plagiatanalysen og vil kunne sjå treff i tekstlikskap mot opne kjelder på internett.

    Er det fusk dersom treffprosent i plagiatkontroll er høg? 
    Originality finn tekstlikskap, men tek ikkje omsyn til om korrekt referansepraksis er følgt. Dersom det føreligg høg risk av tekstlikskap, men også korrekt referansepraksis, blir det vanlegvis ikkje rekna som plagiering. Arbeidets faglege sjølvstende vil likevel kunne speglast i karakterfastsetjinga. Dersom det føreligg høg risk av tekstlikskap utan at korrekt referansepraksis er følgt, skal faglærar / intern sensor innleie nærare undersøkingar for å avdekke eventuelt plagiat.

    Kan det vere fusk dersom treffprosenten i plagiatkontroll er låg?
    Plagiatkontrollen kan berre søke i kjelder som ligg ope på nett eller i Originalitys tilgjengelege databasar. Det betyr at mykje faglitteratur som ikkje ligg ope på internett, er utilgjengeleg for Originalitys søkemotorar. Sensors faglege blikk er difor også ein viktig del av plagiatkontrollen.

    Kva gjer du viss du mistenker fusk, eller treng hjelp med plagiatkontrollen?
    Ta kontakt med ein saksbehandlar i seksjon for eksamen og vitnemål:
    Ina Sivertsen
    Rita Romarheim
    Nina Austad-Sivertsen
    Ragnhild Stamnes Prestmo

    Rettleiingar:
    Retningslinjer for behandling av fusk

    Rettleiing i bruk av Originality (video frå kurs 03.12.25)

    Inspera Help Center:

Etter sensur

  • Grunngjevinga skal innehalde dei generelle prinsippa som er lagt til grunn for sensurvedtaket, og vurderinga av studentens prestasjon jf. UH-lova § 11-8.

    Skriftleg eksamen:
    Studenten kan be om grunngjeving innan ei veke etter at karakteren er kunngjort i Studentweb.
    Sensor skal gje grunngjeving innan to veker.


    WISEflow:
    For å gje grunngjeving for eksamenar som har vært i WISEflow, gå til WISEflow.

    - Rettleing for sensurering i WISEflow (pdf) (sjå side 8 for grunngjeving)

    - Les meir om grunngjeving i WISEflow: Grade Justification Requests (kun engelsk).

    Både intern og ekstern sensor får e-post med varsel om at ein eller fleire studentar har bede om grunngjeving i eit emne. Det blir også gitt varsel i Fagpersonweb. Det blir ikkje sendt ut purring. Det er fakultetet som bestemmer om det er intern eller ekstern sensor som er ansvarleg for å utarbeide grunngjevinga. Emneansvarleg avgjer om grunngjeving skal gis skriftleg eller munnleg.

    Inspera:
    For å gje grunngjeving for eksamenar som har vært i Inspera, gå til Fagpersonweb
    - Brukarrettleiing grunngjeving i Fagpersonweb (pdf)

    Munnleg og praktisk eksamen:

    Frist for å be om grunngjeving på praktiske og munnlege eksamenar er umiddelbart etter kunngjering av karakter. 
    Kandidaten tar direkte kontakt med sensor for å be om grunngjeving.

  • Digital arbeidskontrakt og registrering av timer: Les meir på sida Tilsetting og arbeidskontrakt

    Sensorar som ikkje bruker digital kontrakt i DFØ kan sende inn utfylt honorarskjema til fakultetet:


    Informasjon til deg som skal ha honorar utbetalt til utenlandsk bankkonto:

    Benytt «Payment abroad»-skjema og legg ved kopi av passet ditt.

Klagesensur

  • Studenten kan klage på karakteren inntil tre veker etter at karakteren blei kunngjort i Studentweb / grunngjevinga blei gitt / svar på eventuell klage på formelle feil blei behandla.

    Saksgang:

    • Studenten sender inn klaga si via Studentweb.
    • Ei klagesak blir oppretta automatisk, og kandidaten blir fordelt til klagekommisjonen.
    • Klagesensor får eit automatisk e-postvarsel frå FS.
    • Varsel blir sendt éin gong i døgnet, føresett at det har kome nye klager. Emnekoden er oppgitt i varselet.
    • Administrasjonen i seksjon for eksamen og vitnemål sender e-post til klagesensorar med informasjon om prosessen.
    • Sensorane sensurerer svara i Inspera og set ny karakter.
    • Administrasjonen verifiserer sensuren i Inspera, karakteren blir overført til FS og studenten får automatisk varsel på e-post.

    Behandlingstid:

    Behandling av klagesaker skal skje uten ugrunna opphold, det vil si så raskt som mogleg. Se forvaltningslova §11a

    Avvik med to eller fleire karakterar:

    Dersom karakter ved ny sensur avvik med to eller fleire karakternivå frå opphavle sensur, skal det gjerast ei ytterlegare vurdering før endelig karakter blir fastsett, jf. UH-lova §5-3 (7)​.​ Informasjon blir då sendt på e-post til både opphavleg kommisjon og til klagekommisjon for ei tredje vurdering. 

    Retningslinjer for behandling av avvik på to eller fleire karakterar frå opprinneleg sensur

    Informasjon til studentar om grunngjeving og klage

  • Det skal alltid vere to sensorar ved klagesensurering, kor minst éin er ekstern. Sjølve sensurprosessen føregår på same måte som for ordinær vurdering. Standard arbeidsflyt for ein klagekommisjon vil vere “individuelle poeng og karakterar”. Det vil seie at begge (alle) sensorane vurderer besvarelsen(e) i sin heilskap før sensorane møtest i “felles vurdering” og blir einige om endeleg karakter.

    Slik går du fram:

    • Logg inn i Inspera og gå til fana “Vurdering”. Opne prøven som inneheld kandidatar som skal ha klagesensur. Ein klagekommisjon visast i biletet. Klikk på den oransje knappen - "Vurder dine kandidater".
    • ​Sett din karakter (1) og del di vurdering (2) med klagekommisjonen (ved delt poenggivning, gå direkte til neste punkt.)
    • Samstem din karakter med kommisjonen (felles vurdering). Dette fungerer på same måte som ved ordinær vurdering. De kjem ikkje vidare i prosessen før alle sensorane har landa på same karakter. Karakteren du sjølv har sett er markert med blått. Medsensors karakter er markert med grått.
    • Godkjenn vurderinga av kandidaten.
    • Etter å ha trykt på "godkjenn no", må endelig vurdering bekreftast ein ekstra gong.
    • ​Protokoll med godkjent karakter blir no tilgjengeleg på oversiktssida.

    Det skal ikkje sendast papirprotokoll når klagesensur er gjennomført i Inspera. Saksbehandlar får varsel når vurderinga er ferdigstilt og overfører karakteren til FS.​

  • Sjå videoen Gjennomføre klagesensur i Inspera. Videoen er lånt fra NTNU.

  • Får du spørsmål om innlogging, klikk Avbryt. 

    Obs: Eksterne sensorar som har signert kontrakt i DFØ skal ikkje sende inn honorarskjema