Olav Duun-konferansen "Dialogar"

Olav Duun - Juvikfolke
Olav Duun-konferansen "Dialogar"
I samband med Olav Duun sitt 150-årsjubileum, inviterer vi til ein vitskapeleg konferanse.

På staden der Olav Duun tok si lærarutdanning 1901-1904, vert det nylesingar av tekstane hans gjennom eit 2026-blikk, der dialogar både i sjølve tekstane og mellom tekstane og ulike kontekstar blir løfta fram. Kva slags dialogar stod Duun sjølv i? Korleis kan diktinga hans, som stadig tek for seg relasjonen mellom «den eine og dei andre», hjelpe oss til å forstå den samtida vi i dag lev i – ei tid der utanforskap rammar mange og vi ikkje lenger kan ta demokratiet for gitt? Kan vi bruke naturskildringane hans til å forstå og endre våre eigne relasjonar til ein natur som står i ein global og prekær krise? Korleis opplev dagens studentar det å lese Duun? Korleis kan ein ta tekstane ut i skuleverket?

Medverkande:

Konferansen får mellom anna besøk av Sissel Furuseth, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, og Gunnar Foss, professor emeritus i nordisk litteratur ved NTNU.

Perspektiver på global sikkerhet og stormaktsrivalisering sett fra Washington og Taipei
Forskning
20. august 2026

Perspektiver på global sikkerhet og stormaktsrivalisering sett fra Washington og Taipei

Auditorium A5, Nord universitet, campus Bodø
11:00
12:00
I forbindelse med markeringen av Nord universitet sitt 10-års jubileum inviterer forskningsgruppen GEO-Security til et formidlingsseminar hvor to forskere deler erfaringer og forskningsresultater fra sine forskeropphold våren 2026.