Konferanse: Førebygging av vald og valdtekt av kvinner

Konferanse: Førebygging av vald og valdtekt av kvinner
Kvinneuniversitetet i Norden og Norsk Kvinnesaksforening inviterer til konferanse om førebygging av vald og valdtekt av kvinner.

NOU 2024:4, Voldtekt – et uløst samfunnsproblem, føreslår eit massivt samfunnsmessig førebyggingsløft for å hindre vald og valdtekt av kvinner.

Valdtektsutvalet slår fast at valdtekt av jenter og kvinner, er eit likestillingsproblem, eit stort folkehelseproblem og stadig eit uløyst samfunnsproblem. Undersøkingar syner at om lag kvar femte kvinne blir utsett for valdtekt. Det er ein aukande tendens, særleg for unge jenter. Dei samfunnsmessige kostnadene er store.

Førebygging kan redusere både fysisk og psykisk helseskade. Utvalet slår fast at førebygging kan gje samfunnsøkonomiske vinningar, ved å førebygge helseskade, hindre tap av arbeidsevne, redusere kostnader til krisesenter, helsevesen, rettsvesen osv.

Innhald i konferansen:

Første del av konferansen er faglege innlegg som tek utgangspunkt i tematikken i NOU 2024: 4.

Andre del av konferansen er ein paneldebatt med sentrale politikarar som har ambisjonar om å kome på Stortinget.

Problemstillinga er: Vil du/ditt parti, i stortingsperioden 2025 – 2029, føreslå gjennomføring og finansiering av Valdtektsutvalet sitt forslag om eit massivt førebyggingsløft for å hindre vald og valdtekt av kvinner?

Målgruppe:

Lærarar i barnehage og skole, helsepersonell, tilsette i krisesenter, studentar, kommunetilsette, politi, advokatar, politikarar på lokalt, regionalt og sentralt nivå og alle samfunnsengasjerte menneske.

Program

10:00Velkomen. Opning av konferansen.
10:10Ole Henrik Augestad, leiar av Valdtektsutvalet: Valdtekt – eit uløyst samfunnsproblem
10:50Gunhild Vehusheia, advokat, forfattar og leiar av Norsk Kvinnesaksforening: Hva for tiltak bør gjøres, i og utenfor rettssalene, for å hindre vold og voldtekt i likestillingslandet Norge?
11:15Wanja Sæther, leiar av Salten krisesenter: Kva er krisesentra sin rolle i arbeidet for å førebygge vald og valdtekt av kvinner?
11:45Trine Fagervik, lærar og statssekretær i Barne- og familiedepartementet i perioden 2023 – 2025: Våg å sjå, våg å snakke, våg å handle.
12:00Lunsj
12:30Lise Marit Nyerrød, rådgjevar, Likestillings- og diskrimineringsombodet: Valdtekt som likestillingsproblem
12:50Anne Mette Rosø, faggruppeleiar, Samfunnsfag og RLE ved fakultet for lærarutdanning, kunst og kulturfag, Nord universitet: På kva måte kan lærarutdanninga vere del av eit førebyggingsløft for å hindre vald i nære relasjonar og valdtekt?
13:15Solveig Mork Holmøyvik, forfattar: Kåseri
13:30Pause, med kaffe, kake og uformell diskusjon. Organisering til paneldebatt
14.00 – 16.00Paneldebatt: I panelet: AP, Frp, H, Krf, Mdg, Raudt, SP, SV og Venstre

Debattleiar: Tor Martin Leines Nordaas, journalist, forfattar og kåsør

Akademisk skriving: Nivå 1
Kurs bibliotek
1. september 2026

Akademisk skriving: Nivå 1

Teams/Zoom
12:15
13:15
Kurset gir deg en innføring i hvordan du skriver enkle akademiske oppgaver og eksamensbesvarelser.
Akademisk skriving: Nivå 1 (på engelsk)
Kurs bibliotek
2. september 2026

Akademisk skriving: Nivå 1 (på engelsk)

Teams/Zoom
10:15
11:15
Kurset gir deg en innføring i hvordan du skriver enkle akademiske oppgaver og eksamensbesvarelser.
Akademisk kvarter: Hvorfor tar du ikke alltid de valgene du tror du tar?
Foredrag
2. september 2026

Akademisk kvarter: Hvorfor tar du ikke alltid de valgene du tror du tar?

Kantina, Campus Helgeland, Mo i Rana
11:30
12:00
Bli med når stipendiat og universitetslektor Adam Awanzo deler innsikt fra forskning om hvordan vi mennesker tar beslutninger – og hvorfor valgene våre ikke alltid er så rasjonelle som vi tror.