Nynorsk inspirasjonsdag i Levanger
Trønderlaget fyller 125 år i år. Dette markerer vi med ein inspirasjonsdag for nynorsken ved Nord universitet i Levanger.
Trønderlaget er eit fylkeslag i Noregs Mållag. I år fyller Trønderlaget 125 år. Dette markerer vi ved Nord universitet i Levanger onsdag 6. mars i form av ein inspirasjonsdag for nynorsken.
Her vil du få både inspirasjon og gode tips til korleis du kan jobbe med nynorsk blant barn og unge i skulen. Du vil også få historiske drypp og fagleg påfyll.
Program:
- Føredrag med Kim Rune Holmvik, rektor på Egge ungdomsskole: "Nynorsk i skulen: Ein bukett av språkhaldningar, motivasjon og læring"
- Torvald Sund, opplesing frå eigen produksjon
- Glimt frå den målpolitiske lokalhistoria ved Leiv Sem, professor ved Nord universitet
- Utstilling i biblioteket om lokal målpolitisk historie
- Enkel servering
Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt.
Arrangør: Levanger Mållag og Nord universitet

