I denne webinarserien vil deltakarane få detaljert informasjon om temaer innan forskingsdatahandtering. Webinara vil hjelpa forskarar til å bruka tida si godt for å oppfylla krava om forsking til større finansiørar og institusjonar. Me fokuserer på å gjera kunnskap om forskingsdatahandtering tilgjengeleg for forskarar og korleis etterleva kravet om å handtere forskingsdata i samsvar med FAIR-prinsippa. I tillegg tilbyr Nord sitt universitetsbibliotek veiledning til forskarar på kurs, seminar, webinar og ein-til-ein-møter.
Påmeldingsfrist 31. oktober 2025
Ei teamslenkje vil bli sendt ut til deltakarane på førehand. Viss du har spørsmål, vennlegast kontakt research-data@nord.no.
Språk: Norsk (For det same webinaret på engelsk, sjekk dei engelske kalenderhendingane)
Om emnet (FAIR-data)
FAIR er paraplyprinsippet i forskingsdatahandtering. Korleis forskaren arbeider for å sikra at hen følgjer FAIR-prinsipp er med i vurderinga som blir gjort i søknadar for prosjektfinansiering til forsking. Nettopp korleis ein visar at ein har arbeidet for å gjere si tidlegare forsking FAIR er noko som me ser har aukande viktigheit for å kunne stille sterkare i søknadar om forskingsmidlar. Derav kan ein sjå at forsking med god kompabilitet med FAIR-prinsippa vil ha betydning for karrieren til yngre forskarar.
NFR og Horisont Europa krevjar at all forskingsdata skal vera FAIR for å kunne maksimere nytta akademia og andre sektorar kan få av forskinga. Det er eit krav til forsking at forskingsdata er FAIR – gjennfinnbare, tilgjengelege, samhandlande og gjenbrukbare. Dette webinaret vil gi ein innføring i det grunnleggande i FAIR-prinsippene:
· Kvifor FAIR?
· Kva er FAIR?
· Korleis gjera data FAIR?
· Kven dreg nytte av FAIR-data?
· Gjer kvalitative data FAIR – ting å hugse på
Dette kjem neste i webinarserien:
5. november 2025: Datahandteringsplan (DMP)—Korleis unngå ekstra arbeid?
7. november 2025: DataverseNO – Ein nasjonal plattform for arkivering av forskingsdata
