Over 400 høyrde Emelie snakke om beredskap

Over 400 høyrde Emelie snakke om beredskap
− Eg trur interessa for beredskap har auka fordi fleire opplever at verda har blitt meir samansett og mindre føreseieleg, seier Emilie Johansen Wold.

Handelshøgskolen Nord trefte tydelegvis ei nerve i tida då dei nyleg inviterte til frukostwebinar om beredskap og totalforsvar. Deltakarane som tok morgonkaffien framfor skjermen, kom frå heile landet og frå mange ulike samfunnsaktørar. Universitetslektor Emelie Johansen Wold sitt bodskap om beredskap, motstandskraft og samfunnets evne til å stå i kriser over tid nådde ut til eit lyttande publikum.

Om avgjerder i uvisse

– Når vi snakkar om beredskap i dag, snakkar vi ikkje om noko som er hypotetisk eller fjernt. Vi snakkar om korleis samfunnet faktisk fungerer når ting er krevjande over tid, sa Wold innleiingsvis. Ho er sjølv emneansvarleg for fleire etter- og vidareutdanningskurs innan beredskap.

I innlegget sitt var ho tydeleg på at beredskap handlar om meir enn planar og strukturar.

– Det handlar mindre om dokument og meir om evna til å halde hjula i gang, ta avgjerder i uvisse og få ressursane til å finne kvarandre.

Det handlar mindre om dokument og meir om evna til å halde hjula i gang, ta avgjerder i uvisse og få ressursane til å finne kvarandre.

Emelie Johansen Wold

Mjuke ressursar

Eit sentralt tema i foredraget var forskjellen mellom totalforsvar og totalberedskap.

– Totalforsvar er det etablerte samarbeidet mellom militære og sivile ressursar for å handtere krise og krig. Totalberedskap er eit breiare omgrep som handlar om samfunnets samla evne til å stå i det saman.

Wold løfta òg fram tydinga av tillit, samhald og psykososiale ressursar – det ho omtalar som dei «mjuke ressursane» i beredskapen.

– Når vi held saman og kjenner kvarandre, blir vi tryggare. Det gir mindre belastning på totalforsvaret, og gjer samfunnet meir robust når hendingar faktisk skjer.

Når vi held saman og kjenner kvarandre, blir vi tryggare. Det gir mindre belastning på totalforsvaret, og gjer samfunnet meir robust når hendingar faktisk skjer.

Emelie Johansen Wold

Den viktige frivilligheita

Frivillige organisasjonar var eit anna viktig poeng i foredraget.

– Dei frivillige fyller viktige mellomrom i beredskapen. Under koronapandemien var det til dømes mange stader frivillige som bidrog til å halde vaksinasjonsstasjonane i drift.

Wold trur mange har fått større merksemd rundt kor avhengige vi er av kvarandre. Det handlar ikkje nødvendigvis om frykt, men om eit ønske om forståing og tryggleik i ei meir uoversiktleg tid.

– Når vi forstår meir av heilskapen, står vi òg sterkare når noko skjer.

Frå planar til handling

I tillegg til Emelie Johansen Wold deltok også Ole Kristian Bjerkemo, seniorrådgivar i Kystverket. Med utgangspunkt i erfaringar frå operativ beredskap og samvirke på nasjonalt nivå, understreka han tydinga av klare roller, godt samarbeid og evna til å omsetje planar til handling når det verkeleg gjeld.

Kort sagt: To viktige stemmer som peikte på sentrale problemstillingar når vi no er godt på veg inn i totalforsvarsåret 2026.

HHN40_2

Handelshøgskolen Nord universitet fyller 40 år 

Det skal vi markere i året som kjem med månadlege arrangement, der vi inviterer forskarane våre, forelesarane våre og tidlegare studentar tilbake til oss for å dele av kunnskapen sin. 

Les meir om frukost med HHN

Kontaktperson