Anne Lise Wie
Eg er Cand. Philol. frå Universitetet i Tromsø 1997, og har undervist ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Nesna, no Nord universitet sidan 1997, frå 2009 som fyrstelektor i norsk. Frå 1. januar 2026 er eg knytt til universitetet med emeritus-avtale.
Dei siste åra har eg vore knytt til lærarutdanninga ved Universitetet i Craiova, Romania som gjesteprofessor ein månad kvar haust
Eg har undervist på barnehagelærarutdanning og Grunnskolelærarutdanning 1-7 i norskfaglege tema: Lese- og skriveopplæring, barnets språkutvikling, den munnlege fortellinga, kreativ skriving, drama i norskfaget, språkhistorie, norrønt, estetiske læringsprosessar, klasserommet utanfor. Rettleiar mastergrad, bachelor og FOU-oppgåver.
Eg har og mange års erfaring med undervisning på engelsk i internasjonale studentgrupper, mellom anna i Romania, men og i Noreg og i andre land.
Av pågåande prosjekt arbeider eg med folklore. Eit prosjekt med barns skriftspråklege utvikling i barnehagen er nett avslutta. I regi av Nordplus har eg vore del av eit nettverk med faglærarar frå barnehagelærarinstitusjonar i Nordiske og Baltiske land sidan 2014.
