Dersom du har teke emne som ikkje allereie er sett saman i ei grad, kan ei sjølvvald bachelorgrad vere aktuelt for deg.
Kven kvalifiserer til sjølvvald bachelorgrad?
- Alle som har teke studiepoenggivande emne som ikkje inngår i ei grad og som ønskjer å få desse formalisert
- Studiepoenggivende kurs gjennom fagforeining, jobb, Folkeuniversitetet e.l. kan også vere kvalifiserande
Korleis blir eg teken opp til den sjølvvalde bachelorgrada?
Kvalifikasjon skjer basert på individuell søknad/vurdering. Studieløpet blir ofte gjennomført i dialog med studierettleiar.
Det stille nokre formelle krav:
Grada må bestå av totalt 180 stp fordelt som følgjande:
- 90 stp fordjuping kor 30 stp skal vere vidaregåande samfunnsvitskaplege emne. Av dei 30 stp med vidaregåande emne, skal 10 stp bestå av eit sjølvstendig, skriftleg arbeid (Les meir om oppgåva under)
- Emne i fordjupingseininga kan ikkje vere eldre enn 15 år på søknadstidspunktet for tildeling av grad
- 30 stp innan eit tilstøytande fagområde
- 60 stp valfrie emne
- Minimum 60 stp må vere teke/blir teke ved Nord universitet
- Graden ikkje kan overlappe meir enn 120 stp med ei ordinær bachelorgrad
- Les meir i Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet, §2-3 Krav til grada bachelor
Krav til sjølvstendig skriftleg arbeid på 10 stp:
- Dersom du har eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 10 stp innanfor samfunnsvitskaplege emne, kan du søkje om å få dette godkjent som bacheloroppgåve
- Dersom du ikkje har ei bacheloroppgåve eller tilsvarande, tilbyr Fakultet for samfunnsvitskap emna SAM2000 Bacheloroppgave i sjølvvald bachelorgrad
- For å kunne kvalifisere til SAM2000 må du minimum ha: 10 stp samfunnsvitskapleg metode må vere bestått for å få tilgang til å skrive oppgåva
Korleis bestille vitnemål?
Dersom du allereie kvalifiserer til å få utskrive vitnemål, kan du søkje om dette direkte.
Påbygging til master
Med ei sjølvvald bachelorgrad kvalifiserer du til opptak på fleire av masterutdanningane våre.
Kontaktperson
Dersom du lurer på om du er kvalifisert til ei sjølvvald bachelorgrad kan du kontakte studierettleiar:
- Lill Mari Lassemo, lill.m.lassemo@nord.no
Send inn karakterutskrift og pensumliste ved kontakt med studierettleiar på e-post.
