Med utgangspunkt i praksiskontraktane som utdanninga har med 15+ mediehus frå Trondheim i sør til Hammerfest i nord avtaler me nærare detaljert med mediehusa i forkant av sommaren om praksisstudent frå februar året etter. Emneansvarleg har også møte med studentane om praksis og om studiet i forkant av praksis.
Studentane blir inviterte til å skriva eit praksisbrev før skulestart i august om kva dei ønskjer å læra meir om i praksis.
I september samanfattar emneansvarleg desse praksisbreva med praksisplassane me har, og justerer eventuelt med andre praksisplassar for at student og mediehus skal passa best mogleg saman.
Fordelingsprinsipp
- Sosiale årsaker til geografisk plassering – barn - omsorg
- Studentene skal passa saman med rettleiar/redaksjon
- Studentene skal IKKJE til ein redaksjon dei allereie har jobba i
- Studentene skal ha ei utfordring med praksis
Fordeling student og praksisplass gjerast av emneansvarleg og ein/to kollegaer som har lært seg studentane å kjenna. Praksisplassfordelinga blir offentleggjord for studentane i byrjinga av oktober – fire månader før praksis startar i byrjinga av februar.
I perioden før jul blir studentane oppmoda til å gjera seg kjend med mediehuset, og etablera eit forhold til rettleiarane for å kunna få ein flying start på praksis.
I desember blir Praksishåndboka send ut til redaktørar, rettleiarar og studentar. Denne inneheld all informasjon rundt praksis, namn og bilete på alle studentar, namn på alle rettleiarar og kontaktinformasjon til alle (e-post og telefon). Her er ein grundig informasjon om korleis me som universitet ser for oss rettleiinga i dei 12 vekene, informasjon om eksamen og ikkje minst korleis både studentar og rettleiarar skal fylla ut eit skjema etter enda praksis som er Arbeidskrav 3. I tillegg nyttig tips om ulike ting.
12 veker praksis
Sjette semester består av JO214U praksis på 20 studiepoeng og JO218U praksisførebuande emne i vekene 2, 3, 4 og 5. Praksis startar måndag i veke 6 og varer til slutten av april. Totalt 12 veker.
Veke 2 består av alle moglege lover/reglar/plikter/rettar etc. som gjeld for studentar i praksis. Me får besøk av redaktørar/rettleiarar/NJ og andre som kan hjelpa. Dei neste tre vekene jobbar studentane på desken med hands-on rettleiing av fleire av oss praksislærarar.
Arbeidskrav
- I slutten av veke 2 skal studentane levere arbeidskrav 1 - praksisførebuande notat – gjera seg kjend med mediehuset og kommunen/byen dette er i. Eit notat på eit par sider.
- Arbeidskrav 2 – første halvpart av ein rettleiingskontrakt som skal innehalda kva studentane ønskjer å læra i praksis. Kva dei er gode på/kva dei bør bli betre på etc. Andre del skal ferdigstillast i første praksisveke saman med rettleiar slik at rettleiar også får lagt inn erfaringa si med kva ein student bør læra seg. Kontrakten skal signerast av begge partane og brukast som grunnlag i rettleiingsmøte ein gong i veka.
Praksisbesøk
I praksisvekene 3 og 4 reiser emneansvarleg på besøk til alle studentane. Her har emneansvarleg møter med redaktør/rettleiar og student. Emneansvarleg brukar lengst tid med studenten for å kartleggja eventuelle problemstillingar. Emneansvarleg har samtale med rettleiar både før og etter møtet med studentane.
Etter besøket held emneansvarlege kontakt med rettleiarar og student ved behov. Det er veldig ulikt kva slags behov studentane har.
Som tidlegare nemnt skal både rettleiar og student fylla ut eit skjema etter praksis. Studentane om kva dei har lært, korleis dei vart tekne imot, kvaliteten på rettleiinga etc., og til slutt om utbyttet i praksis. Rettleiar om kva studenten kunne før praksis, har lært, kva studenten må jobba vidare med etc., og til slutt om dei tilrår praksis godkjent eller ikkje.
Etter at alle desse skjemaa er komne inn, og eventuelt oppklaringssamtalar med rettleiarar er tekne – godkjenner emneansvarleg praksisen for studentane.
Eksamen
14 dagar etter siste praksisdag er eksamen i kursa JO218U. Dette er eit refleksjonsnotat om ei etisk problemstilling studentane har opplevd i praksis. Refleksjonsnotatet blir karaktersett med A-F.
Informasjon kjem.
Oppdatert
08.08.2025
