Teieplikterklæring for studentar

Godkjent 26.06.2020

Studentar som blir tekne opp til studiar ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap som har obligatorisk praksisopplæring skal signere teieerklæring. Kravet til at studentar skal signere teieerklæring er heimla i Universitets- og høyskoleloven § 4-6. Teieplikta signerast i Studentweb.

Kva opplysningar er underlagde teieplikt:

Nokre sine personlege tilhøve, under dette opplysningar om folk sine lekams- eller sjukdomstilhøve eller andre personlege tilhøve som studenten får vite om i eigenskap av å vere student i praksisopplæring eller helsepersonell.

Eg forstår

  • At eg under studia, i opplæring, praksisopplæring og arbeid kan og vil få kjennskap til og tilgang til informasjon som ikkje må bli kjent for uvedkomande.
  • At brot på teieplikta kan føre til utestenging frå kliniske studiar og tap av retten til å gå opp til eksamen i desse studia ved norske universitet og høgskolar i inntil tre år.
  • At brot på teieplikta kan gje bot eller fengselsstraff.
  • At teieplikta også gjeld etter at eg har avslutta studia ved Nord universitet.
  • At det er forbode urettmessig å tileigne seg opplysningar som er underlagde teieplikt.
  • At lovene og reglane som blir omtalte i vedlegga til denne teieerklæringa ikkje uttømmande regulerer teieplikta mi.

Eg pliktar meg til

Å ha kunnskap om dei til ei kvar tid gjeldande lover og reglar som har noko å seie for teieplikta.

Følgjande regelverk/lovparagrafar omhandlar teieplikta og brot på teieplikta:

  • Student og teieplikt, Universitets- og høyskoleloven
  • Helsepersonell og teieplikt, Helsepersonelloven
  • Spesialisthelsepersonell og teieplikt, Spesialisthelsetjenesteloven
  • Utestenging og bortvising, Universitets- og høyskoleloven
  • Brot på teieplikt, Straffeloven
  • Grovt brot på teieplikt, Straffeloven

Skikkaheitsvurdering skal skje undervegs gjennom heile studiet og skal avdekke om studenten har dei nødvendige føresetnadene for å kunne utøve yrket, jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Signering av teieerklæring

Ved å krysse av for at «Eg er kjent med innhaldet» i Studentweb stadfestar du at du er kjent med dei reglar om teieplikt som gjeld for ditt studium, og er kjent med at du risikerer utestenging og straff ved brot på desse vilkåra.