Emneomtale for 2026/27
Samenes historie
HIS2007
Emneomtale for 2026/27

Samenes historie

HIS2007
I eit historisk perspektiv har det samiske samfunnet vore samansett, prega av store variasjonar i språk, kultur og næringsverksemd. Det har dessutan vore gjennom store strukturelle endringar gjennom historiens løp, frå å ha vore eit opphavleg jegar- og fangstsamfunn, via eit reindrifts- og/eller fiskerbondesamfunn, til dagens sein-moderne, urbaniserte samfunn. Emnet vil primært søkje å forklare dei store endringane som har gått føre seg i eit langtidsperspektiv, med djupdykk kring enkelttema.
Kurset er ein introduksjon til samenes historie. Det dekker både eldre og nyare tid, og dei ulike geografiske områda i nord som tradisjonelt har busettingsområda for samane. I eit historisk perspektiv har det samiske samfunnet vore samansett, med store variasjonar i språk, kultur og næringstilpassing. Det har og skjedd store historiske endringar, frå jegar- og fangstsamfunn, til reindriftssamfunn og fiskerbondesamfunn. Ei linje i studiet vil bli å gå gjennom disse utviklingsforløpa, òg med tanke på kronologiske og geografiske endringar. Samhandling og spenningar i relasjonen mellom samene og nabofolkene har alltid vært viktig, og dette aspektet vil det også bli fokusert på. Det samiske samfunnet har også vore under kontinuerleg påverking av staten, med tiltak som beskatning, fastsetting av nasjonsgrenser, misjon og aktiv assimileringspolitikk har vore sentrale element. Forløp og konsekvensar av denne politikken blir lagt vekt på. Sjølv om kurset har ein generell karakter, vil det bli lagt meir vekt på Nordland enn dei øvrige områda i Sápmi - sameland.
Generell studiekompetanse
Generell studiekompetanse eller realkompetanse etter gjeldande reglar.

Kunnskapar

Studentene skal tileigne seg kunnskap om og ha oversikt over de viktigaste utviklingslinjene i samenes historie, herunder de økonomiske og kulturelle skilnadene mellom samiske samfunn frå innland til kyst - og fra nord til sør.

Ferdigheiter

Studentane skal utvikle ei grunnleggande forståing av omgrepet etnisitet, og opparbeide seg innsikt i korleis etnisitet blir til, korleis det utviklar seg og blir halde vedlike over tid, og korleis det endrast i møtet mellom kulturar.

Generell kompetanse

Studentane skal vise evne til å sette seg inn i avansert forskingslitteratur og ta stilling til komplekse faglege spørsmål.

Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk for årsstudiet i historie og Lektor i samfunnsfag
Forelesingar, seminar, kollokvie, munnlege presentasjonar, skriving, medstudentvurdering og oppgåveløysing, alt tilrettelagt både for nett- og campusstudentar
Studieprogrammet evalueres årleg av studentene gjennom emneundersøkelser (midtveisevaluering og sluttevaluering). Evaluering inngår som en del av universitetets kvalitetssikringsystem.

Mappeinnlevering består av to oppgåver, kvar på minimum 2000 ord. Karakteren A - F

Arbeidskrav 1: minimum 1000 ord svarar til fyrste utkast av den eine mappeoppgåven

Arbeidskrav 2: minimum 1000 ord svarar til fyrste utkast av den andre mappeoppgåven

Å generere besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller lignende kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen besvarelse er å regne som fusk