Kristendom, religion, livssyn og etikk

Se studieprogram

Høst 2026 (1. semester)

Obligatoriske emner
REL1007
7.5 sp
REL1008
7.5 sp

Vår 2027 (2. semester)

REL1010
7.5 sp
Programmet gir innføring i ulike religionar og livssyn, med vekt på forteljingar, høgtider, ritual og lære, samt grunnleggande etikk og filosofi. I tillegg vil emnet vere det første møtet studentane har med KRLE som undervisingsfag i skolen. KRLE-didaktikk vil derfor vere ein viktig del av emnet.

Del 1: Kunnskap

Kandidaten:

  • Har kunnskap om læreplanen i skulen og utviklinga av religions- og livssynsfaget.
  • Har kunnskap om ulike didaktiske tilnærmingar i skulefaget
  • Har kjennskap til kunnskapsgrunnlag og forskingstradisjonar i faget.
  • Har kunnskap om tekstar, forteljingar, høgtider, lære, ritual og andre praksisar i ulike religionar, og korleis dette blir brukt i undervisninga i skulen.
  • Har kunnskap om lære, ritual og etikk i livssynshumanismen.
  • Har kunnskap om pluralisering, sekularisering og religions- og livssynskritikk som bakgrunnsorientering for andre delar av faget.

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • Har planlagt, gjennomført og vurdert KRLE-undervisning
  • Har prøvd ut varierte arbeidsmåtar som integrerer de grunnleggjande ferdigheitene.
  • Kan identifisere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter livssynsmangfald og etisk mangfald
  • Har samarbeidd med elevar, kollegaer, føresette og aktørar i lokalsamfunnet.

Generell kompetanse

  • Kan drøfte kva religion og livssyn kan ha å seie for den enkelte og for samfunnet.
  • Kan reflektere over kva det inneber å vere KRLE-lærar
  • Kan reflektere kritisk over skulefaget

Del 2

Kunnskap
Kandidaten:

  • Har kunnskap om didaktiske utfordringar som er spesielle for faget.
  • Har meir omfattande kunnskap om didaktiske tilnærmingar til skulefaget og forskingstradisjonar i skulefaget og studiefaget.
  • Har kunnskap om tekstar, forteljingar, høgtider, lære, ritual, estetikk og andre praksisar innanfor kristendommen.
  • Har kunnskap om eit utval kristne kyrkjesamfunn
  • Har kunnskap om kristendommens historie med vekt på tida etter reformasjonen, og arbeid med historiske emne i skulen.
  • Har kunnskap om filosofiens historie, med vekt på nyare tid, og om utfordringar knytte til arbeidet med filosofiske problemstillingar i skulen.
  • Har kunnskap om grunnlagsetikk og grunnlagsetikkens rolle i arbeidet med etiske problemstillingar.

Ferdigheiter
Kandidaten:

  • Kan planlegge, gjennomføre og vurdere KRLE- undervisning i faget som grunnlag for elevretta vurdering.
  • Kan bruke varierte arbeidsmåtar som integrerer dei grunnleggande ferdigheitene.
  • Kan nytte etiske grunnlagsteoriar på emne frå profesjonsetikken og på elevorientert områdeetikk.
  • Kan handtere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter livssynsmangfald og etisk mangfald.
  • Kan leie filosofiske samtalar.
  • Kan samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og aktørar i lokalmiljøet.

Generell kompetanse
Kandidaten:

  • Kan drøfte kva religion og livssyn kan ha å seie for den enkelte og samfunnet.
  • Kan grunngjeve synspunkt på kva det inneber å vere KRLE-lærar.
  • Kan gjere greie for og ta stilling til etiske spørsmål om gjeld skulen og elevane.

    • Kan reflektere kritisk over skulefaget og vidareformidle forsking om barn, religion og livssyn

Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse

Søkjere som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Dokumentasjon

Les om hvordan du dokumenterer at du dekker opptakskravet

Emnet gir kompetanse for undervisning i grunnskulen i KRLE.

Emnet kan også vera aktuelt i barne- og ungdomsarbeid, der du tek omsyn til livssyns- eller kulturbakgrunn i samansette barnegrupper.

Undervisningsvekene for REL1 (REL1007/1008 og REL1009) hausten 2026 blir netundervisning.

Måndag og fredag.

Veker 34, 36, 37, 39, 40, 42, 43 og 45.

Det er ein obligatorisk ekskursjon til Trondheim våren 2027.

Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det krevd det at studenten disponerer ei bærbar datamaskin.​ Studentane må dekke utgifter til ekskursjonen til Trondheim.

Sjå emneplanane.
Emnet har avsluttande vurdering. Emnebeskrivelsene gir detaljert informasjon.
Eksamen blir regulert av Forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringer og studieprogramevaluering. Evalueringene inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

FORSKRIFT OM SKIKKETHETSVURDERING I HØYERE UTDANNING

I lærerutdanningene skal høgskolen vurdere om den enkelte student er skikket for yrket (jfr § 4-10 i Lov om universiteter og høgskoler). Skikkethetsvurderingen foregår gjennom hele studiet, både i den teoretiske og den praktiske delen av studiet.

Det kreves godkjent politiattest.

Vi viser til gjeldende forskrift og tilhørende retningslinjer.

Det er ikkje praksis knytt til studiet.