Tar debatten i Lytring. Forfattar Malin Stensønes er ein av deltakarane når Lytring inviterer til debatt om kva som driv ekstremismen i Noreg i dag . Foto: Aschehoug.
– Den største trusselen mot demokratiet vårt er organisert kriminalitet. Desse aktørane går i strupen på demokratiet, undergrev rettsapparatet og bryt ned tilliten i samfunnet, seier forfattar Malin Stensønes.
Tysdag 21. april er ho ein av deltakarane når Lytring inviterer til debatt i Stormen bibliotek om kva som driv ekstremismen i Noreg i dag. Lytring spør også om dei gamle politiske kategoriane framleis er dei mest relevante for å forstå utviklinga.
Lytring 21.april 2026
Kva er farlegast; ytre høgre, ytre venstre eller islamisme? Vi er vane med å plassere politiske rørsler i faste båsar, men er desse båsane like relevante i dag? Bør vi heller skilje mellom liberale og autoritære, demokratar og antidemokratar? Og kva veit vi om ekstremistane – er det viljen til vald eller ideologisk overtyding som kjem først?
- 21. april 2026 kl. 18.00-19.30
- Stormen bibliotek, Bodø
- Debatten blir i tillegg strømma på YouTube
Lytring: Hva er farligst; ytre høyre, ytre venstre eller islamisme?
Ny type trussel
– Det er ein sterk samanheng mellom kriminelle nettverk og terror. Nettverka har ein ekstrem valdskapasitet, og valden er blitt ei handelsvare, seier Stensønes.
Dermed er dei blitt den sentrale trusselen. Dei utøver valden på vegner av alle som betaler.
– Dei sel tenestene sine til statlege aktørar som Iran, til jihadistar og til ytre høgre. Dei bryr seg ikkje om kven oppdragsgivaren er.
Ho meiner det er blitt enklare å få utført valdelege handlingar når aktørane bak ikkje lenger er avhengige av å radikalisere eigne tilhengjarar.
– For oppdragsgivar blir det enklare å gjennomføre angrep når dei kan kjøpe vald frå miljø som allereie har kapasiteten.
Ifølgje Stensønes driv nettverka også kynisk rekruttering av barn til å utføre grov vald og drap. I Sverige er omfanget blitt så stort at barn mellom 7 og 12 år er blitt ein eigen kategori i statistikken over valdsutøvarane.
– Vi som samfunn er ikkje rigga for å handtere det trusselbiletet vi no står overfor. Vi er sektorbaserte, medan dei kriminelle er transnasjonale, dei beveger seg saumlaust mellom ulike land og er ekstremt tilpassingsdyktige og grenselause.
Mindre skilje mellom terror og kriminalitet
Tanja Ellingsen ved Nord universitet deler Stensønes sine vurderingar om at organiserte kriminelle nettverk representerer ei stor endring i trusselbiletet i Noreg.
Det store skiljet mellom terror og annan kriminalitet er ikkje der lenger. Vi snakkar heller om glidande overgangar.
Tanja Ellingsen
– Det store skiljet mellom terror og annan kriminalitet er ikkje der lenger. Vi snakkar heller om glidande overgangar, seier Ellingsen.
Ho meiner likevel at det framleis er relevant å skilje mellom ulike former for ekstremisme.
– Det er ingen tvil om at ekstrem islamisme framleis er den farlegaste rørsla, både globalt og i Europa.
Ekstreme idear blir meir vanlege
Ifølgje Ellingsen er motstanden mot demokrati eit fellestrekk på tvers av fleire ekstreme retningar. Ho peikar også på at idear som tidlegare vart oppfatta som ekstreme, er blitt vanlegare.
– Tankegods som før vart rekna som ekstremt, er i ferd med å få meir aksept, seier Ellingsen.
I tillegg til Stensønes og Ellingsen deltek Caroline Iwarsson frå Politiets tryggingsteneste, samt Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i VG.
Debatten blir leia av Anki Gerhardsen, ansvarleg redaktør i Lytring, og finn stad i Stormen bibliotek tysdag 21. april klokka 18.00.
Fakta om Lytring
Lytring skal stimulere til samfunnsengasjement og setje dagsorden både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforsking. Lytring skal setje kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet og skape ein arena for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar.
I løpet av eit kalenderår lagar Lytring:
- 9 debattar i Bodø, Stormen bibliotek
- 2 debattar i Levanger, Røstad Scene
- 2 debattar i Mo i Rana, Teaterkafeen
- 2 debattar i Svolvær, Lofoten kulturhus
Redaktør og daglig leiar for Lytring er Anki Gerhardsen.
Alle debattane blir strøymde og lagra via lytring.no
