Forskar GP: Alle kunne vinne – men desse vann

Forskar GP: Alle kunne vinne – men desse vann
Malle Vogelsang og Unn Siri Olsen nølte ein augneblink då dei vart ropa opp som regionale vinnarar i Forskar Grand Prix. Så kom smila.

Konkurransen var tøff under årets Forskar Grand Prix ved Nord universitet. Det fortel deltakarane sjølve.

– Vi gjekk ein tur saman føremiddagen før konkurransen. Då snakka vi om kor sterk konkurransen var, og at kven som helst kunne vinne, fortel stipendiat Unn Siri Olsen ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap (FSH) på campus Namsos.

To damer står tett sammen med blomster og feirer
Vinnarar: Smila lét ikkje vente på seg då dei begge vart kåra til vinnarar av årets Forskar Grand Prix. No ventar finalen i Oslo.

Fire minutt

Seks kandidatar hadde førebudd seg godt til kveldens konkurranse, der målet var å formidle eiga forsking på best mogleg vis.

Vinnarane imponerte og engasjerte dommarane.

– Eg ser etter noko som fangar interessa mi med ein gong, og som har eit folkeleg språk, seier dommar Ida Alvsen, som sjølv er stipendiat i journalistikk.

Deltakarane har fire minutt til å presentere forskinga si. Målet er å formidle forsking på ein engasjerande, morosam og lettfatteleg måte.

Medan dommarane reknar ut poenga sine, røystar publikum digitalt. Til saman avgjer poenga frå dommarane og publikum kven som vinn.

Fem personer i en forelesningssal - noen sitter og noen står
Nøgde: Dommarane, frå venstre; Aud Kristine Horseng, Tanja Ellingsen og Ida Alvsen, er nøgde med dei fire minutta Unn Siri Olsen nytta til å presentere forskingsprosjektet sitt, «Ein farfar i forsking». Her står ho saman med konferansier Solveig Kolaas.

Viktig samfunnsforsking

Alle deltakarane er i gang med forskinga si, men har enno ikkje disputert. Alle som er i gang med forsking, kan delta. Delfinalen vart i år halden i Bodø. Neste år går ho føre seg i Levanger.

Dei to nasjonale finalistane Unn Siri Olsen med "Ein farfar i forsking" og Malle Vogelsang med "Kva skjer når digital støtte møter unge sitt liv?" fekk begge spørsmål om kva som er viktig for deira forsking:

– Det er avgjerande å forske med, og ikkje på menneske. Det inneber at personar som forskinga handlar om, involverast aktivt i heile forskingsprosessen, frå hypotese til innsamling, analyse og formidling av kunnskapen, understrekar Unn Siri og Malle.

Dei andre deltakarane:

Predrag Milosevic: «Kvar dose tel. Kva skjer når medisinen ikkje blir som han skal?»

Som farmasøyt ser Milosevic at eldre altfor ofte får feil dose eller feil medisin. Det kan få alvorlege konsekvensar og i nokre tilfelle føre til sjukehusinnlegging.

– Kan alle lukke auga og sjå føre seg at de er 80 år gamle og sit heime og ventar på blodtrykksmedisinen? Heimesjukepleia kjem ikkje, og du fell om på golvet. Dette skjer. Kor mange må bli skadde før vi gjer noko? spør Milosevic.

En dame står foran en plakat
Djuphavet: Stipendiat Birte K. Schuppe.

Gulnara Nadamova: «Climate events are inevitable. The real question is: How prepared are we?»

– Ingen kommunar har alt dei treng når det gjeld ekstremvêr. Eg ser på korleis kommunar og fylkeskommunar kan byggje beredskap i lag, seier ho.

Birte K. Schuppe: «Kunsten å måle ein skog på djuphavet»

– Visste de at det finst skogar langt nede i havet? Her lever svampar som kanskje minner om kjøkkensvampar. Dei har korkje auge eller munn, men mange opningar. Dei pumpar vatn inn og ut gjennom desse opningane, og saman med korallar reinsar slike skogar vatnet, lagrar karbon og vernar smådyr, fortel ho.

Zin Mie Sharr: «Korleis skaper vi klasserom der både røter og horisontar får plass?»

– Gjennom prosjektet «Balanced Global Citizenship Education Framework» ser eg på korleis lærarar skaper rom for at elevar kan stille spørsmål ved det som blir teke for gitt, samstundes som dei får halde på eigne erfaringar, relasjonar og bakgrunnar, fortel ho.

Den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix 2026 går føre seg 24. september i Oslo.

Fire damer smiler og feirer
Festkveld: Dommarpanelet bestod av skodespelar Aud Kristine Horseng, førsteamanuensis Tanja Ellingsen og stipendiat Ida Alvsen. Konferansier var Solveig Kolaas.