Eit ja-menneskje: Toril Sæterstrand (73) trengte ikkje tenke seg lenge om da Nord universitet tok kontakt. Nyleg ynskja ho dei nye sjukepleiarstudentane ved studiestad Vesterålen i Stokmarknes velkomen til nytt studieår. Foto: Bjørnar Leknes.
– Det er fantastisk. Eg er ikkje lei!
73 år gamle Torill Sæterstrand har jobba som sjukepleiar, lærar, forskar og dosent. No held ho fram eitt år til ved sjukepleiarutdanninga ved Nord universitet.
For Torill handlar det først og fremst om menneska.
– Det har vore ein stor del av livet mitt å vere i jobb og rettleie studentar. Det er veldig berikande å møte dei nye og sjå at dei blir trygge på seg sjølve. Det er veldig fint.
Starta som sjukepleiar i 1975
Torill er fødd og oppvaksen på Sortland og har vore i arbeidslivet sidan 1975. Den aller første jobben var som sjukepleiar på kirurgisk avdeling.
Nokre år seinare fann ho vegen inn i undervisninga.
Frå 1979 til 1980 jobba ho som lærar ved Nordland fylkessjukepleiarskule. Då kjende ho behovet for meir pedagogisk utdanning.
– Eg følte veldig behov for pedagogisk utdanning. Eg tok det etter kvart, men kom tilbake i 1997.
Det året byrja ho ved sjukepleiarutdanninga, og sidan har ho vore ein viktig del av fagmiljøet.
Frå lærar til dosent
Vegen vidare vart ein kombinasjon av undervisning, forsking og fagleg utvikling.
Ti lærarar frå universiteta i Bodø, Mo og Stokmarknes reiste til Bergen for å ta hovudfag i helsefag som eit desentralisert fireårig løp.
Torill fordjupa seg i helsepsykologi. Ho var allereie psykiatrisk sjukepleiar og hadde ei særleg interesse for fagfeltet.
Så byrja ho å skrive.
– Etter kvart var det berre å produsere, skrive artiklar og prøve å bli førstelektor. Det vart eg i 2009.
Men ho stoppa ikkje der.
Torill deltok i fleire forskingsprosjekt og byrja også på ein doktorgrad.
Den er framleis ikkje levert.
Eg byrja på ein ph.d., men eg har ikkje levert han enno. Eg må tenkje litt på det
Torill Sæterstrand
I 2020 vart ho dosent, etter mange år med pedagogisk arbeid og fagleg utvikling.
– Eg er så glad i å treffe studentane
Sjølv etter mange tiår i yrket er det studentane og kollegaene som trekkjer henne tilbake til universitetet.
– Dette gir meg så mykje. Eg er så glad i å treffe studentane og kollegaene.
Ho har til og med undervist fleire av dagens kollegaer.
Eg har jo vore lærar for tre av kollegaene mine her.
Torill Sæterstrand
Ei av dei er Hanne-Vibeke Jensen. Torill var også den som oppmoda henne til å bli lærar.
– Hanne, veit du, du må bli lærar. Du har det i deg, sa Torill.
I dag er Hanne-Vibeke sjølv kollega med sin tidlegare lærar.
– Fantastisk. Eg er så glad for å få henne som kollega igjen, og nyte godt av all kunnskapen og erfaringa hennar.
Så kjem latteren.
– Eg skal prøve å kopiere det når eg kjem så langt, seier Hanne Vibeke.
Ein trygg bauta
Også Ann Karin Robertsen, som no er studieleiar, har vore studenten til Torill.
Ho hugsar spesielt éin ting frå den første tida som kollega.
– Då eg byrja i 2014, jobba Torill her. Ho var ein trygg bauta som eg spurde om alt. Ho hadde alltid eit svar.
Då eg byrja i 2014, jobba Torill her. Ho var ein trygg bauta som eg spurde om alt.
Ann Karin Robertsen
Det er nettopp denne erfaringa Ann Karin meiner er uvurderleg i eit fagmiljø.
– Ho kan sjukepleiehistoria og utviklinga over mange år. Den erfaringsbaserte kunnskapen som du ikkje kan lese deg til, den har Torill.
Hanne-Vibeke trekkjer fram ein annan kvalitet:
– Ikkje minst har ho den faglege kunnskapen så under huda på det emnet ho har hatt mest. Det er noko det tek år å få.
Framleis pendlar ho
Torill flytta heim til Nord-Noreg 15. mai, men arbeidslivet har framleis ført henne sørover.
Ved OsloMet jobba ho også innan psykisk helsearbeid, og ho hadde tilsetjing der fram til 1. august.
Så ringde Nord universitet.
– Eg fekk ein telefon frå Nord og takka ja.
Dermed vart det eitt år til.
Har eitt råd til nye sjukepleiarar
Torill har også klare tankar om dagens studentar.
Mange kombinerer studium med jobb, slik studentar også har gjort tidlegare. Men ho meiner det er viktig å vite når ein må roe ned.
– Dei må roe litt ned i dei tyngste periodane, om dei skal få gode karakterar. Dei må også vere i grupper.
Og sjølv i ei digital tid meiner ho det framleis er plass til den gode, gamle pugginga.
Ein må faktisk pugge litt.
Torill Sæterstrand
– Ein må faktisk pugge litt. I alle fall i anatomi og fysiologi.
Torill hugsar framleis namnet på eit lite knokkelbein i kroppen.
Os lacrimale.
Kvifor hugsar ho akkurat det?
Lakris.
– Vi åt lakris samtidig, og då vart det lett å hugse! ler ho.
Som student måtte ho og kullkameratane kunne namna på alle musklane og beina i kroppen.
Det sit framleis.
– Å lære er å oppdage
Kva er så løyndomen bak meir enn 50 år i arbeidslivet, og framleis glød for faget?
Torills råd er å gjere kunnskapen relevant.
– Å lære er å oppdage. Ta utgangspunkt i den praktiske situasjonen og erfaringa di, og knyt teori til det.
For Torill Sæterstrand ser oppdagingsreisa altså ut til å halde fram.
I alle fall eitt år til.
Studiestad Vesterålen
Vesterålen er Nord universitet sin nordligaste studiestad, plassert i «hurtigrutebyen» Stokmarknes.
Campus ligg i Hurtigrutas hus, midt i sentrum, omgitt av vakker natur og eit trivelig kystmiljø. Her studerer du i rolige omgjevnadar med nærleik til både kultur og friluftsliv.
