Fornøgde: Studentane Marius Skille Nordstrand og Daniel Leivseth har nett vore på si første førelesing på bachelorstudiet i internasjonale relasjonar ved campus Bodø. Der fekk dei oppleve ikkje mindre enn åtte ambassadørar som fortalde om erfaringane sine frå diplomatiet. Foto: Lise Fagerbakk.
Utanriksdepartementet tok nyleg med seg heile åtte ambassadørar til Nord universitet i Bodø. Eit besøk mange studentar og tilsette hadde sett fram til og førebudd seg godt til, no som geopolitikk, internasjonale konfliktar og ei verd i endring lokkar stadig fleire studentar til studium i internasjonale relasjonar ved universitet.
– Eg har stor personleg interesse for internasjonal politikk, og eg har ambisjonar om å arbeide med diplomati i utanrikstenesta seinare i karrieren.
Det seier Marius Skille Nordstrand frå Bodø, som nett har gjennomført si første førelesing på bachelorstudiet i internasjonale relasjonar.

Saman med medstudenten Daniel Leivseth, også han frå Bodø, gav det timelange besøket endå meir næring til ambisjonane.
– Dei gav ulike perspektiv. Det var interessant og eg noterte meg mye som eg kan bruke i mine studiar, smiler Nordstrand.
Det same oppleve Leivseth.
– Det beste med heile besøket er at det høyrest veldig spennande ut. Meir spennande enn eg hadde trudd. Her er mykje eg kan bruke i studiet, og som eg tenkjer å ta med meg vidare når eg seinare skal søkje meg inn på Politihøgskulen, seier han.
Utfordrande

Ambassadørane var på si side godt nøgde med det timelange møtet før dei måtte vidare til nye møte i Bodø.
Fleire av dei har vore innom Nord universitet tidlegare.
– Det var på Nord universitet eg først fekk interessa for russisk politikk, fortel Heidi Olufsen, Noregs ambassadør til Russland i Moskva.
Verdas konfliktar og krigar gjer at fleire av dei har utfordrande oppgåver.
– Noreg har svært avgrensa kontakt med russiske styresmakter. Det påverkar korleis eg kan jobbe. Samstundes har me ei felles grense, og det gjer at me må ha ein viss kontakt. Difor fremjar eg norske interesser gjennom dei kanalane som framleis er opne, seier ho.
Likevel må grenser trekkjast og ansvar plasserast.
– Russland vart kasta ut av Europarådet to veker etter invasjonen av Ukraina. No jobbar vi med å halde dei ansvarlege på ein måte som kan minne om Nürnberg-prosessen, fortel Vebjørn Heines i Europarådet i Strasbourg.

Vennlegsinna land
I Vilnius og Kairo er situasjonen annleis.
– Når det gjeld konflikten i Hormuz-stredet og situasjonen i Gaza, ligg Noreg og Egypt svært nær kvarandre. Vi arbeider saman for at palestinarane skal få ein eigen stat, og for å få nødhjelp inn. Då er dialogen god og enkel. Ukraina vil dei derimot ikkje snakke om, fortel Erik Berger Husem ved ambassaden i Kairo.
Like vennleg er det på den andre sida av Atlanteren.
– Chile har mykje til felles med Noreg når det gjeld natur, klima og ressursar. Geopolitisk er det annleis. Dei slit med migrasjon, klimaendringar og tryggingspolitiske utfordringar, særleg knytte til forholdet mellom USA og Kina. Men Noreg har ein alliert i både Chile og Peru, fortel ambassadør Per Anders Pollen Nilsen ved ambassaden i Santiago.

Førsteårsstudentane i Bodø beit seg merke i kor ulik kontakt og politikk kan vere frå land til land og frå ambassade til ambassade.
– Eg noterte meg fleire ting dei sa. Mellom anna at Russland er ei tryggingspolitisk utfordring. Det blir nok eit tema i utdanninga vår, så det var fint å få informasjon om det. Det var både lærerikt og stas å få besøk av så mange høgtståande ambassadørar, seier studentane.
Bachelor internasjonale relasjonar
Med ein bachelor i internasjonale relasjonar lærer du om globale utfordringar som konfliktar og krig, terrorisme, rivalisering mellom stormakter og klimaendringar, i tillegg til sentrale internasjonale organisasjonar som NATO, EU og FN.
- Studieform: Heiltid
- Språk: Norsk
- Studiepoeng: 180
- Studielengd: 3 år
- Opptakskrav: Sjå krava
Opptaket er no stengt.
Årsstudium internasjonale relasjonar
Årsstudiet i internasjonale relasjonar gir deg innsikt i rolla og verkemåten til internasjonale organisasjonar, globale kriser, globalisering, internasjonale konfliktar og terrorisme, samt politiske ideologiar.
- Studieform: Heiltid
- Språk: Norsk
- Studiepoeng: 60
- Studielengd: 1 år
- Opptakskrav: Sjå krava
Opptaket er no stengt.
Kortare studier, internasjonal politikk
Etter- og vidareutdanningsprogrammet i internasjonal politikk gir deg gode føresetnadar for å forstå geopolitikk og analysere kva den nye verdssituasjonen betyr for norske forhold og interesser.
- Studieform: Deltid
- Studiepoeng: 30
- Studielengde: 1 år
- Opptakskrav: Sjå krava
- Søknadsfrist: Vi har ledige studieplassar med opptak fram til studiet er fullt.

