For kunnskap og læring i ei fleksibel utdanning

For kunnskap og læring i ei fleksibel utdanning
Kronikk: Lærarutdanninga i Noreg har satt tydelege spor også i Bodø, kor tusenvis av lærarar dei siste 75 åra har fått si utdanning.
plakat med påskriften 75 år

I år fyller den offentlege grunnskulen 290 år, lærarutdanninga i Noreg 200 år og i Bodø 75 år. Det er ei markering av ein kunnskapsinstitusjon som har sett tydelege spor i Bodø, Salten og Nordland gjennom fleire generasjonar. Sidan oppstarten i 1951 har tusenvis av lærarar fått utdanning her og seinare gått inn i klasserom over heile landsdelen og landet elles. Få utdanningar har hatt større betydning for Bodø og Salten enn lærarutdanninga som i år kan feire 75 år med arbeid for kunnskap og læring.

Grunnskulelærarutdanninga i Bodø har utvikla eit unikt konsept der vi deler studentgruppa inn i to ulike grupper. Studentane får velje om dei ønskjer vere på campus kvar veke og møte lærarane der, eller om dei vil møte på felles samlingar for alle på campus og elles følgjer undervisninga digitalt mellom samlingane. Dette kallar vi fleks-løysinga, ei fleksibel utdanning, med andre ord. I jubileumsåret delte studentane seg med halvparten på kvar type undervisningsform.

Få utdanningar har hatt større betydning for Bodø og Salten enn lærarutdanninga som i år kan feire 75 år med arbeid for kunnskap og læring.

Lærarutdanninga vart etablert i ei tid då Nord-Noreg hadde stor mangel på lærarar. Målet var å sikre at barn og unge fekk den undervisninga dei hadde krav på. Mykje har endra seg sidan den gongen. Utdanninga har utvikla seg frå lærarskole til lærarhøgskole, høgskole og universitetsutdanning. I dag tilbyr Nord universitet i Bodø ei femårig masterutdanning for grunnskulelærarar, barnehagelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanninga for lærarar i vidaregåande skule i første rekke, men òg ei rad andre etter- og vidareutdanningskurs, samt ein lulesamisk variant av lærarutdanninga.

Lærarutdanninga i Bodø har gjennom 75 år vore tett knytt til regionen rundt seg. Ho har samarbeidd med skular, kommunar og lokalsamfunn, og ho har utdanna lærarar med kunnskap om både landsdelen og utfordringane som finst her. Vi samarbeider tett med grunnskulane, ikkje minst i samband med universitetsskulane, og med lærarutdanningane på Nesna og Levanger.

Men sjølv om utdanninga har endra form, har oppdraget vore det same: å utdanne lærarar som kan gi barn og unge kunnskap og tru på eigne evner.

Bak kvar skule står lærarar som kvar dag gjer ein innsats for at elevar skal lære, utvikle seg og kjenne seg som ein del av eit fellesskap.

Det er lett å ta skulen for gitt. Dei fleste av oss har gått der i over ti år. Men bak kvar skule står lærarar som kvar dag gjer ein innsats for at elevar skal lære, utvikle seg og kjenne seg som ein del av eit fellesskap. Gode lærarar betyr mykje, ikkje berre for den enkelte elev, men for heile samfunnet. For Salten-regionen har lærarutdanninga i Bodø hatt ei særleg rolle. Mange av studentane som tek utdanning her, blir verande i regionen. Dei arbeider i barne- og ungdomsskular og i vidaregåande skuler frå Gildeskål og Meløy til Fauske, Sørfold, Steigen og Bodø. Gjennom fleire tiår har utdanninga også utvikla desentraliserte studium som har gjort det mogleg for folk lenger ute i distrikta å ta lærarutdanning utan å flytte heimanfrå, og institusjonen har utvikla ei rad etter- og vidareutdanningar for lærarar.

Dette handlar om å sørge for at barn og unge i heile regionen møter kvalifiserte lærarar. Skal vi ha levande lokalsamfunn, treng vi gode skular. Og skal vi ha gode skular, treng vi gode lærarar. Vi treng lærarar som ser elevane, byggjer relasjonar og skaper trygge læringsmiljø.

Skal vi ha levande lokalsamfunn, treng vi gode skular. Og skal vi ha gode skular, treng vi gode lærarar.

Som lærar får du arbeide med menneske. Du får vere med og forme framtida, ikkje gjennom store ord, men gjennom dei små og store møta som skjer kvar dag i eit klasserom. For mange studentar er det også ein viktig motivasjon.

Når lærarutdanninga i Bodø no markerer 75 år, handlar det derfor ikkje berre om fortida. Det handlar om framtida også. Om kven som skal stå framfor tavla, leie samtalane, skape lærelyst og bidra til at neste generasjon blir ført inn i sentrale verdiar i den norske felleskulturen.