Fornya samarbeidsavtale styrkar beredskapen i nord

Fornya samarbeidsavtale styrkar beredskapen i nord
Hovudredningssentralen, Salten Brann, Nordland politidistrikt og Nord universitet fornyar samarbeidsavtalen om Øvelse Nord Samvirke (ØNS).

Gjennom fleire år har ØNS utvikla seg til ein viktig arena for trening, læring og samhandling i handtering av større hendingar og krisar.
Den fornya avtalen skal vidareutvikle Nordens største sivile samvirkeøving, og inneber eit forpliktande samarbeid der alle partane deler ansvaret for planlegging, gjennomføring og evaluering.

– Denne avtalen styrkar fundamentet for eit langsiktig og sterkt samarbeid om beredskap i nord. Øvinga er ein sentral arena der utdanning, forsking og praksis møtest, seier fungerande rektor ved Nord universitet, Levi Gårseth-Nesbakk.

Signering av ny avtale vart i april utsett, då det var behov for ytterlegare dialog og avklaringar. Avtalen som no signerast, er lik den som var planlagt i april. Nord universitet jobbar med korleis vi skal styrke og vidareutvikle fagområda innan samfunnssikkerheit og beredskap. Dette inneber mellom anna Øvelse Nord, der samarbeidspartnarane våre er sentrale bidragsytarar.

– Den sikkerheitspolitiske situasjonen tilseier at det er klokt å vidareføre dette samarbeidet. Å ha fokus på beredskap i denne tida, er endå viktigare enn før, fortel politimeister Heidi Kløkstad.

Viktig for samfunnssikkerheten

Hovudredningssentralen, Salten Brann og Nordland politidistrikt vil på rundgang ha ansvar for planarbeid og øvingsleiing. Nord universitet bidreg med støtte- og administrasjonsfunksjonar og pedagogisk tilrettelegging.

Samfunnssikkerheit handlar om kor godt førebudd samfunnet er på å handtere uønska hendingar – og er avgjerende for tryggleik, stabilitet og føreseielegheit. ØNS bidreg til å styrke samvirket mellom nødetatar, offentlige aktørar og akademia.

– Det mangeårige samarbeidet har medverka til eit sterkare beredskapsmiljø i nord. I 2026 deltok 17 ulike beredskapsaktørar og nær 300 studentar frå sju ulike studieprogram som tok del i samvirkeøvinga, der vi saman handterte ei større trafikkulukke i ein tunnel. Avtalen er eit tydeleg signal om at vi framleis prioriterer samvirke, tillit og felles ansvar i møte med stadig meir komplekse utfordringar, seier Maria Strandås, leiar for samvirkeøvinga ved Nord universitet.

Øvelse Nord Samvirke - Tunnelbrann i Valnesfjord
Ein brannkonstabel evakuerer busspassasjerar under samvirkeøvinga i 2026. Foto: Adrian Bensvik, Nord universitet.

– Salten Brann ser fram til eit fortsatt godt øvingssamarbeid i ei alvorleg tid kor brannvesenet si rolle og funksjon skal tilpasse seg situasjonar som handlar om krisar og krig, og dette stiller krav til trening og øving, seier Per Gunnar Pedersen, dagleg leiar i Salten Brann.

ØNS-samarbeidet er ein del av Nord universitet si strategiske satsing på samfunnssikkerheit, eitt av fire hovudområde i universitetet sin Strategi 2030. Satsinga omfattar forsking, utdanning, utvikling og samarbeid med eksterne aktørar. Nord universitet tilbyr i dag fleire studium innan samfunnssikkerheit og beredskap, og har ei rekke pågåande forskingsprosjekt på feltet.

– Vi er i ein prosess der vi ser på korleis vi best kan vidareutvikle fagområdet samfunnssikkerheit og beredskap, både når det gjeld organisering og studietilbod framover, seier Gårseth-Nesbakk.

Styret ved Nord universitet vedtok nyleg å etablere eit femte doktorgradsprogram, og ba samstundes om ei vurdering av mogelegheitene for nye utdanningar som kan styrke satsinga på samfunnssikkerheit.

Årleg øving vidareførast

Øvelse Nord har vore arrangert årleg i over 30 år, og det er ingen planar om å endre dette. Den fornya samarbeidsavtalen gjeld fortløpande, men skal reforhandlast ved behov og seinast innan våren 2029.

– Vi brukar no tid saman med samarbeidspartnarane våre for å sikre ei organisering som er robust, berekraftig og framtidsretta. Den eksisterande tredelingena mellom Øvelse Nord Samvirke, Øvelse Nord Fag og forum og Øvelse Nord Miljø vidareførast, seier Gårseth-Nesbakk.

– Vi ser eit stort behov for arenaen Øvelse Nord Samvirke representerer, og er difor glade for å vidareføre samarbeidet om samvirkeøvinga, i lag med Nord universitet og dei øvrige samarbeidspartnarane, avsluttar Hanne Helen Bragstad, avdelingsdirektør Hovudredningssentralen Nord-Noreg.

Øvelse Nord Samvirke - Leder Maria Strandås
Maria Strandås, leiar for samvirkeøvinga ved Nord universitet. Foto: Adrian Bensvik, Nord universitet.

Kontaktperson