Proteinrikt: Forsking har vist at det er realistisk å kunne byte ut 5-15 prosent av proteinet frå soya og fiskemjøl i laksedietten med protein frå insekt. Foto: Florence Willora.
Årleg blir det produsert langt over ein million tonn laks i Noreg, og produksjonen er venta å auke. Solberg-regjeringa ønskte ein auke til fem millionar tonn innan 2050, medan dagens regjering vil ha ein vekst der produksjonen blir regulert ut frå miljøpåverknad og fiskevelferd.

Då blir spørsmålet: Kva skal all denne laksen ete?
– 75 prosent av karbonavtrykket frå produksjon av fôr til oppdrettsnæringa kjem av importerte råvarer, særleg soya frå Brasil. Difor ønskjer ein meir lokalt produserte råvarer i fiskefôret, seier forskar Mette Sørensen ved Nord universitet sitt fakultet for biovitskap og akvakultur.
Naturleg mat
I jakta på meir berekraftige ingrediensar har forskarane retta blikket mot insekt.
I dag er berre åtte prosent av råvarene i fôret produserte her i landet. Det er eit uttalt mål å auke delen til tjuefem prosent innan 2034.
Mette Sørensen
– I dag er berre åtte prosent av råvarene i fôret produserte her i landet. Det er eit uttalt mål å auke delen til 25 prosent innan 2034. Insektbaserte alternativ som blir produserte ved å utnytte avfall, kan vere ei av løysingane for å oppfylle krava frå styresmaktene om berekraft, seier Sørensen.

Nokre vil kanskje rygge ved tanken på insekt i fôret, men for villaks er insekt ein naturleg del av kosten, i alle fall i starten av livet medan fisken lever i ferskvatn. No har forskarane ved Nord universitet vist at ein trygt kan bruke mjøl av insekt som proteinkjelde i fôret. Nærare bestemt larvar av svart soldatfluge (Hermetia illucens), samt mjølbiller (Tenebrio molitor).
– Mjøl laga av desse insekta inneheld protein av høg kvalitet og har ein godt balansert aminosyreprofil. Det gjer det til ei ernæringsmessig god proteinkjelde, seier forskar Florence Willora.
Best med moderate mengder
I studien hennar, som nyleg blei publisert i det vitskaplege tidsskriftet Aquaculture, fekk 520 laks (postsmolt, altså fisk i tidleg sjøfase) ete fôr der delar av ingrediensane var erstatta med ulike delar insektmjøl.
Resultata viste at insektmjølet generelt ikkje påverka vekst, fôrutnytting, helse eller fordøyinga av feitt og energi. Proteinfordøyinga var likevel lågare ved 30 prosent innblanding av mjølorm, og ho gjekk gradvis ned når delen insektmjøl auka. Forskarane konkluderer med at innslag av 5–10 prosent svart soldatfluge og 15 prosent mjølorm fungerer godt i laksefôr.
– Det finst ulike måtar å produsere mjølet på, noko som kan påverke næringsverdien. Høge nivå av kitin kan vere ei utfordring for fordøyinga, difor vil tilsetjing i moderate mengder vere å føretrekkje, seier Willora.
Resirkulert næring

Så kvifor akkurat insekt som alternative råvarer?
– Insekt er svært effektive til å gjere maten dei et om til protein, fortel Willora.
– Dei treng mindre ressursar, som areal og vatn, samanlikna med andre proteinkjelder som soya eller fiskemjøl. I tillegg er utsleppa av klimagassar lågare.
Insekt er svært effektive til å gjere maten dei et om til protein.
Florence Willora
Ved å bruke insektmjøl der insekta er avla opp og prosesserte i Noreg, unngår ein utslepp av klimagassar knytte til langtransport. Insekt kan òg fôrast opp på restavfall frå landbruket, som kli.
– Det gjer at ein kan resirkulere næringsstoff i staden for å bruke nye ressursar frå landbruket. Vi har òg ein studie som viser at ein kan utnytte slam frå lakseproduksjonen som vekstmedium for insektlarvane. Alt dette gjer at produksjon av insektmjøl generelt har lågare påverknad på miljøet, seier Willora.
Vil bli konkurransedyktig

I dag er insektmjøl framleis eit relativt dyrt alternativ i laksefôr.
– Forsking har vist at det er realistisk å kunne byte ut 5–15 prosent av proteinet frå soya og fiskemjøl i laksedietten med protein frå insekt. Sjølv ei slik delvis erstatning vil gi stort utslag på kor berekraftig fôret er. Men det vil krevje utbygging av storskala produksjon av insektmjøl, seier Sørensen.
Forsking har vist at det er realistisk å kunne byte ut 5–15 prosent av proteinet frå soya og fiskemjøl i laksedietten med protein frå insekt.
Mette Sørensen
Oppskalering av produksjonen blir rekna som den største flaskehalsen for å bruke meir insekt i laksefôret. Samstundes skjer det no ein rask auke i produksjonskapasitet i Europa og globalt.
– For tida er insektmjøl generelt dyrare enn soya, sidan industrien framleis er under utvikling og produksjonsvolumet er lågt. Men etter kvart som produksjonen blir skalert opp og teknologien blir betre, vil kostnadene gå ned. På lang sikt vil insektmjøl bli meir konkurransedyktig, særleg med tanke på miljøfordelane ved lokal produksjon, seier Sørensen.
Gjer godt med algeolje
Forskarar ved Nord universitet har òg sett på kva som skjer når ein erstattar fiskeolje med olje frå algar i laksefôret.
– Oljeblanding i fôr er viktig for overflatene til fisken, det vil seie at både tarm, hud og gjeller må ha ein solid struktur for å gi fisken vern mot patogen i vatnet, seier Sørensen.
Resultata viser at 50 prosent av fiskeoljen kan erstattast med olje frå grønalgen Schizochytrium. Dette gav betre struktur i tarm, hud og gjeller, i tillegg til fleire slimceller og betre immunrespons.
Ein studie der fiskeolje gradvis blei erstatta av algeolje i ein kritisk utviklingsfase hos laks (før smoltifisering), viste ingen negativ påverknad på vekst eller smoltifisering. Laksen klarte seg like bra med algebasert omega-3 som med fiskeolje, også i den sensitive perioden før overgangen frå ferskvatn til sjøvatn.
– Prosjektet vårt viser at insektmjøl og mikrobiell olje kan erstatte importert soya og fiskeolje i laksefôr, utan negative effektar på vekst, helse eller filetkvalitet. Og med lågare miljøavtrykk, konkluderer Sørensen.
FAKTA om NON-fôr-prosjektet
Prosjektet blei gjennomført i samarbeid med BioMar, FjordAlg og Veramaris, LetSea AS og NCE Aquaculture. I tillegg til forskarar frå Nord universitet har òg forskarar frå Aarhus universitet, Danmarks Tekniske Universitet og Riga tekniske universitet (Rīgas Tehniskā universitāte) delteke.
Prosjektet har vore finansiert av Nordforsk, noko som inneber at dei ulike deltakarane i prosjektet blir finansierte av sine respektive finansieringsinstitusjonar. Dei norske partnarane blei finansierte av Noregs forskingsråd.
Kjelder:
- Florence Perera Willora m.fl: Full-fat black soldier fly larvae meal and yellow mealworm meal: Impact on feed protein quality, growth and nutrient utilization of Atlantic salmon (Salmo salar) post smolts
- SM Majharul Islam m.fl: Mucosal barrier status in Atlantic salmon fed rapeseed oil and Schizochytrium oil partly or fully replacing fish oil through winter depression
- Nathaniel W. Farris m.fl: Progressive substitution of fish oil with Schizochytrium-derived algal oil in the diet of Atlantic salmon (Salmo salar) parr subjected to winter signal period
