Heile 26 søkjarar til bachelor i lulesamisk

Heile 26 søkjarar til bachelor i lulesamisk
Nord universitet har fleire samiske utdanningar. Nykomaren bachelor i lulesamisk har slått an blant årets søkjarar.

Å styrkje sør- og lulesamisk språk og kultur er eit satsingsområde for Nord universitet. Universitetet har eit nasjonalt ansvar for desse sårbare språka i universitets- og høgskulesektoren i Noreg.

Nord universitet har fleire samiske utdanningar. Nykomaren bachelor i lulesamisk har slått an blant årets søkjarar med heile 26 førsteprioritetssøkjarar.

Viktige språkbærarar

To damer foran hovedinngangen til Nord universitet
Etterlengta tilbod: Siri Ellen Nystø Ráhka (til høgre) og Sandra Nystø Ráhka er lektorar i lulesamisk ved Nord universitet, og gler seg over dei gode søkjartala. Foto: Lise Fagerbakk.

– Denne utdanninga er svært viktig for utvikling og bevaring av lulesamisk språk og kultur. At vi har så mange førsteprioritetssøkjarar til denne nye bachelorutdanninga, er difor svært gode nyheiter, seier Guro Wisth Øydgard, fungerande prorektor for utdanning.

Siri Ellen Nystø Ráhka er studieprogramansvarleg for bachelor i lulesamisk, som vart starta opp for første gong i 2012 av Universitetet i Nordland. Nystø Ráhka seier at dei høge søkjartala betyr mykje.

Alle som tek denne utdanninga, blir viktige og betydningsfulle språkbærarar.

Siri Ellen Nystø Ráhka , studieprogramansvarleg for lulesamisk

– Dette er veldig gledeleg. Det betyr mykje for oss at vi har så mange søkjarar. Alle som tek denne utdanninga, blir viktige språkbærarar. Vi har jobba hardt og systematisk med å nå ut, og dei høge søkjartala viser at vi har treft målgruppa, seier Nystø Ráhka.

Nasjonalt ansvar for sør- og lulesamisk språk og kultur

Ho får støtte av Vegar Sellæg, prodekan for utdanning ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag.

– Lule- og sørsamisk er viktige ansvarsområde for Nord universitet. Våre samiske utdanningstilbod er avgjerande for å sikre språk, kultur og kompetanse. Vi er svært godt nøgde med søkjartala vi har fått i år, seier Sellæg.

Søkjartal til samiske studium ved Nord universitet:

Lulesamisk bachelor26 førsteprioritetssøkjarar til 10 studieplassar (180 studiepoeng)
*Lulesamisk 126 førsteprioritetssøkjarar til 10 plassar (30 stp.)
Med joik som utgangspunkt36 førsteprioritetssøkjarar til 20 plassar (15 stp.)
Rytmisk korleiing eller Joik i kor og ensemble5 førsteprioritetssøkjarar til 20 plassar (30 stp.)
Sørsamisk byrjarnivå, del 215 førsteprioritetssøkjarar til 20 plassar (30 stp.)
Sørsamisk byrjarnivå, del 48 førsteprioritetssøkjarar til 20 plassar (30 stp.)
Merk: Mange av dei som søkjer lulesamisk bachelor og lulesamisk 1 kan vere dei same søkjarane. Første studieåret i bacheloren er identisk med lulesamisk 1.