Studiestart: Studieleiar Elin Børve ønskte dei nye studentane velkomne til barnehagelærarutdanninga i Narvik. Opninga blei lagd til Skistua barnehage, der delar av undervisninga skal gå føre seg. Foto: Lene Loe
For første gong tilbyr Nord universitet samlingsbasert barnehagelærarutdanning i Ofoten. Tilbodet er utvikla i samarbeid med Narvik kommune for å møte behovet for fleire utdanna barnehagelærarar i regionen.
Gjer det mogleg å studere utan å flytte
Synnøve Mikkelsen jobbar til dagleg ved Læringsverkstedet Kanebo Naturbarnehage i Harstad. Med tre barn og fulltidsjobb har det vore vanskeleg å finne ei utdanning som let seg kombinere med kvardagen.
– Dette er heilt fantastisk! Eg har lenge venta på moglegheita til å studere til barnehagelærar, men med tre barn og fulltidsjobb er det ikkje like enkelt å få kvardagslogistikken til å gå opp. No får eg studiefri frå jobben og pendlar frå Harstad i samlingsvekene, så eg var raskt ute med å søkje då eg fekk høyre at studiet skulle starte i Narvik.
– Dette er heilt fantastisk! Eg har lenge venta på moglegheita til å studere til barnehagelærar.
Student Synnøve Mikkelsen fra Harstad

For studieleiar Elin Børve ved Nord universitet er historia til Synnøve eit godt døme på kven tilbodet er utvikla for.
– Dette er akkurat den typen studentar vi ønskjer å nå. Mange jobbar allereie i barnehage, men har ikkje moglegheit til å flytte eller setje arbeidslivet på pause for å ta utdanning, seier Børve.
Frå Sverige til Narvik
Også studenten Linnea Norin er glad for at studiet blir tilbydd i Narvik.
– Eg flytta frå Sør-Sverige til Narvik for fleire år sidan, og trivst veldig godt her. Eg ønskte ikkje å flytte endå ein gong – det hadde eg jo allereie gjort, seier Norin.
Til dagleg jobbar ho i Skarpen barnehage i Narvik, og er glad for å få moglegheita til å utdanne seg i eit yrke ho allereie trivst godt i.
– Eg gler meg til å få meir kunnskap, ta meir ansvar og kjenne meg tryggare i faget, seier Norin.

Ei utdanning som kan kombinerast med jobb
Studiet går over fire år og består av seks samlingar i året, i tillegg til nettundervisning. Norin meiner den samlingsbaserte modellen fungerer svært godt for barnehagetilsette:
Det vi lærer, får vi brukt på jobb kvar dag, og det blir lettare å forstå når vi får praktisere det i barnehagen.
Student Linnea Norin
– Vi koplar teori og praksis på ein veldig fin måte. Det vi lærer, får vi brukt på jobb kvar dag, og det blir lettare å forstå når vi får praktisere det i barnehagen.
Førelesingar i Skistua barnehage

Undervisninga i samlingsvekene vil gå føre seg i Skistua barnehage i eit eige bygg, samt i lokala til UiT Noregs arktiske universitet.
– Den store fordelen med ei slik organisering er at ein innanfor undervisningsøkta faktisk kan gå ut og utforske, øve seg og observere like utanfor klasserommet, seier studieleiar Elin Børve.
Mange søkjarar
Tidlegare i vinter inviterte barnehagelærarutdanninga til informasjonsmøte i Narvik for potensielle studentar. Mange av deltakarane har seinare søkt seg inn på studiet, noko som tyder på at behovet for denne typen utdanning er stort i regionen.
Av 69 søkjarar hadde 46 studiet i Narvik som førsteval, og totalt takka 44 ja til studieplassen før studiestart.
– At vi har fått så mange søkjarar til eit studium utanfor vårt primære opptaksområde, er utruleg gledeleg. Barnehagane er ein grunnleggjande del av samfunnet vårt, og derfor er det viktig å utdanne fleire til yrket, seier Børve.
I tillegg til Narvik tilbyr Nord universitet barnehagelærarutdanning på deltid i Bodø, Nesna, Levanger, Vesterålen, Støren, Kolvereid og Trøndelag sørvest.
Barnehagelærerutdanning i Narvik
- Oppstart hausten 2026
- Bachelor, deltidsutdanning over fire år
- Nett- og samlingsbasert undervisning
- Seks samlingar i året der studentane møtest i Narvik
- 100 dagar praksis. 50 prosent av praksisen kan gjennomførast på eigen arbeidsplass.

