Korleis vert korallar påverka av kjemikaliar frå oppdrettsnæringa?

Korleis vert korallar påverka av kjemikaliar frå oppdrettsnæringa?
Nordland har verdas største kaldvasskorallrev, men dei fleste av oss har aldri sett dei. No undersøkjer forskarar korleis desse korallane vert påverka av moderne kystnæring.

Visste du at Nordland har verdas største korallrev med kaldvasskorallar? Røstrevet i Lofoten består hovudsakleg av augekorall og strekkjer seg om lag 35 kilometer i lengda.

Augekorall er ein utbreidd art langs heile norskekysten, og lev mellom 200 og 1 000 meter under havoverflata. Kanskje er dette noko av grunnen til at arten er lite kjend?

Dei er stadfaste og veks sakte – berre nokre få millimeter i året. Korallkoloniar kan difor verte fleire hundre år gamle, medan heile revstrukturar kan vere fleire tusen år gamle.

Krepsdyr i koraller
Augekorallar er viktige leveområde for mange ulike dyr som lev på havbotnen. Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet.

Augekorallar er viktige for livet i havet

Desse korallane er blant dei viktigaste leveområda i norske havområde. Dei fungerer som skjulestad, oppvekstområde og matfat for torsk, sei, uer og ei rekkje smådyr.

I denne undersjøiske verda har livet gått sin stille gang i fleire tusen år, uforstyrra av menneskeleg aktivitet. No undersøkjer forskarar ved Nord universitet korleis desse organismane reagerer når dei vert eksponert for stoffa som brukast i dagens havbruksnæring.

Forskinga er ein del av prosjektet VDWS Transitioning – from a precautionary to a science-based approach for managing fish farms close to vulnerable deepwater species, som vert leia av Havforskingsinstituttet (sjå faktaboks).

Korall i laboratorie
Augekorallane ser nærast utanomjordiske ut der dei står oppstilte i laboratoriet. Foto: Nord universitet.

Kring tjuefem prosent av denne korallarten finst i Noreg, noko som gjev oss eit særleg ansvar for å ta vare på ho.

Henning Reiss, professor og rettleiar

Frå havdjupet til laboratoriet

For å forstå meir om korallane sin biologi og korleis dei responderer på ytre påverknad, henta forskarane levande augekorallar frå om lag 300 meters djup i Steigen. I laboratoriet ved Nord universitet vert korallane eksponerte for ulike kjemikaliar som kan finst i nærleiken av oppdrettsanlegg.

Kvinne smiler med hav og fjell i bakgrunn
Doktorgradsstipendiat Birte Katarina Schuppe. Foto: Nord universitet.

I doktorgradsprosjektet mitt undersøkjer eg korleis sårbare botnlevande artar, som korallar, påverkast av utslepp frå akvakultur.

Birte Katarina Schuppe, doktorgradsstudent

Augekorallar er filtrerande dyr som kan ta til seg alt som driv forbi dei i vassmassane.

– Korallane et både plante- og dyreplankton, men dei kan òg filtrere oppløyste kjemikaliar viss dei finst i vatnet, seier Schuppe.

Forsker justerer kamera ved akvarium med koraller
Korallane blir eksponerte for kjemikaliane i isolerte tankar. Foto: Nord universitet.

To vanlege kjemikaliar frå oppdrettsnæringa vert undersøkt.

I eksperimentet vert korallane eksponert for to kjemikaliar som er mykje brukt i havbruksnæringa:

  • Azametifos, eit avlusingsmiddel
  • Tralopyril, eit nyare antifouling-stoff i PFAS-gruppa, brukt for å hindre groing på nøter

– Tralopyril er eit ganske nytt stoff, og det finst framleis lite kunnskap om korleis det påverkar miljøet. Vi veit at det er ei PFAS-sambinding, forklarer Schuppe.

Forsker i laboratorium
Birte Schuppe klargjer dagens prøver for innsending til analyse. Foto: Nord universitet.

Tre måtar å lese korallane sin respons på

I prosjektet nyttar Birte Schuppe, saman med assisterande bachelor- og masterstudentar, tre metodar for å forstå korleis korallane vert påverka:

1. Kjemiske analysar
Små fragment av korallane vert tekne ut, frosne ned og så sende til Havforskingsinstituttet for analyse.

– Vi veit ikkje om korallane faktisk tek opp desse kjemikaliane. Difor er det viktig å undersøkje vevet direkte, seier Schuppe.

2. Åtferdsstudiar med kamera
GoPro-kamera tek bilete av korallane kvart andre minutt, dag og natt, for å registrere endringar i åtferd:

– Korallar kan vise stress gjennom redusert tentakkelaktivitet eller auka slimproduksjon, forklarer ho.

3. Måling av stoffskifte
Korallane vert plasserte i tette kammer der oksygenforbruk og utskiljing av ammonium vert målt.

– Oksygenforbruk og ammoniumutskiljing fortel oss om energibruken og stoffskiftet til korallane, seier Schuppe.

Koraller i basseng
Korallene takast vare på i basseng fram til dei skal brukast i eksperimentet. Til slutt skal korallane attende til havbotnen. Foto: Nord universitet.

Korallrev i Nordland – ein viktig naturtype

– Vi veit framleis lite om kvar desse korallreva finst i fjordane våre, men når vi først undersøkjer, oppdagar vi dei ofte. Dette må takast omsyn til når menneskeleg aktivitet i fjordane aukar, til dømes innan akvakultur.

– I tillegg manglar vi kunnskap om korleis korallane påverkast av både naturlege forhold og menneskeskapte inngrep. Difor er grunnforskinga vi gjer her saman med Havforskingsinstituttet svært viktig, seier professor Henning Reiss, som er rettleiaren til Birte Schuppe.

Korallreva langs kysten husar eit mangfald av artar og vurderast som nær truga. Den langsame veksten og den økologiske betydninga til korallane gjer dei til viktige indikatorar for miljøendringar langs kysten.

Professor Henning Reiss understrekar kor viktig kunnskapen frå forskinga er:

Mann foran hav
Professor og rettleiar Henning Reiss

Korallrev er nøkkelhabitat. Skal vi forvalte kysten på ein berekraftig måte, må vi forstå korleis ulike typar menneskeleg aktivitet påverkar dei.

Henning Reiss

Denne forskinga bidreg til eit meir detaljert bilete av korleis augekorallane lever, filtrerer og responderer på ulike forhold i vassmassane. Denne kunnskapen kan vere nyttig i framtidig forvaltning av både natur og næringsaktivitet langs kysten.

Fakta

Korallforskinga er ein del av prosjektet "VDWS Transitioning – from a precautionary to a science-based approach for managing fish farms close to vulnerable deepwater species". Du kan lese meir på prosjektet si nettside VDWS Transition – Benthic Ecology.

Du finn også meir om korallforskinga på bloggen til prosjektet: Do anti-sea lice and anti-fouling agents stress cold-water corals? – Benthic Ecology

Kontaktperson