Fornøgde: Driftsteknikar Siri-Anne Nystad Einejord og kantineleiar Lorenzo Pirra er strålande fornøgd med utviklinga innan avfallssortering. Alle foto: Lise Fagerbakk
– På eit personalmøte fekk me besøk av Retura. Då tok me ein gjennomgang av avfallsordninga og merkinga – og fann enkle tiltak, forteller Lorenzo Pirra i Student i Nord, kantineleder i Bodø.

I samarbeid med Siri-Anne Nystad Einejord, driftsteknikar på campusservice, er tiltaka så langt mellom anna:
- Fleire dunker spredd rundt på kjøkkenet
- Visuelt betre merking også i opne områder
- Nyhet: sortering av hardplast
- Statistikk over mengda matavfall (dagleg)
- Billigare å kjøpa varmmat på tallerken – enn i pappboks
Tiltaka har det siste året ført til mellom 25-30 prosent auke av sorteringa.
Ytterligare ein merkbar effekt, er at dei ser mindre feilsortering.
Både studentar og ansatte bidreg.
– Det kom studentar og spurde kor mykje mat me kastar. Det var årsaka til at me no har hengt opp ein oversikt som me oppdatera månadlig, fortel kantineleiaren.


Det heile byrja med at kjldesorteringa var på lågmål.
– Eg byrja på campusservice sommaren 2024, og sat ein dag og skulle senda miljørekneskap til miljørådgivar Mathilde Moe Strand. Da såg eg at sorteringsgrada var låg. Eg tok derfor kontakt med henne, Lorenzo – og deretter Retura. I januar 2025 var me i gang, fortel Einejord, fornøgd med jobben så langt.
Ein jobb også Nord universitets trykkjeri har bidrege med.
– Trykkerjiet har hjelpt oss med fine visuelle motiv til dunka inne på kantineområdet, fortel ho.
Det stoppar ikkje med dette.
– Me planlegg fleire tiltak, så følg med, seier dei alle.
