Ny i Khrono-styret: Nina Kjeøy, kommunikasjonssjef i Nord universitet. Foto: Eir Kjeøy.
Kunnskapsavisa Khrono er ei redaksjonelt uavhengig avis med nyheiter og debatt frå og om høgare utdanning og forsking. Denne veka har dei hatt årsmøte, der mellom anna nytt styre vart vedteke.
Ny styreleiar er Arne H. Krumsvik, som tek over etter Leif Ove Larsen. Krumsvik er professor i medieøkonomi og medieinnovasjon ved Kristiania.
Fem nye representantar vart valde inn i styret, mellom dei vår eigen kommunikasjonssjef Nina Kjeøy.
– Det skjer utruleg mykje spennande i sektoren vår for tida, og Khrono er ei særs viktig nettavis som følgjer sektoren tett. Så dette ser eg verkeleg fram til, seier Kjeøy, som for tida er på jobbreise i India.
Khrono vart etablert i 2013, og hadde heile 19 millionar sidevisingar i 2025.
– Khrono er eit viktig medium for oss som driv med utdanning og forsking, seier Guro Wisth Øydgard, fungerande prorektor for utdanning ved Nord universitet.
– Det går no føre seg fleire prosessar i foreininga, som er knytte til vidare utvikling og drift. Dette krev eit godt og kompetent styre, og då er vi svært glade for at vår eigen kommunikasjonssjef Nina Kjeøy er vald inn i styret. Nina har brei og god kompetanse på området, og vil heilt sikkert bidra godt til prosessen og styrearbeidet elles med kompetansen sin, seier Wisth Øydgard.
Khrono sitt nye styre består no av:
Ny styreleiar: Arne H. Krumsvik, professor i medieøkonomi og medieinnovasjon ved Kristiania
Nye styremedlemmer:
Nina Kjeøy, kommunikasjonssjef ved Nord universitet
Sarah Sørheim, sjefredaktør sakprosa i Kagge forlag
Hanna Ekeli, fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo
Troy Saghaug Broderstad, førsteamanuensis i sammenlignende politikk ved UiT
Mats Arnesen, ansattrepresentant
Styremedlemmer som held fram:
Marianne Aasen, spesialrådgiver ved OsloMet
Leif Ove Larsen, professor i medievitenskap ved Universitetet i Bergen
Varamedlem:
Steen Steensen, professor i journalistikk ved OsloMet
