Samla planteforskarar til nasjonal konferanse i Bodø

Samla planteforskarar til nasjonal konferanse i Bodø
Nord universitet var i år vert for Norway Plant Biology Conference (NPBC 2026), som samla forskarar frå heile Noreg og internasjonale fagmiljø til innhaldsrike dagar i Bodø.

Konferansen tok for seg sentrale tema innan moderne plante- og algebiologi, med bidrag innan mellom anna genetikk, molekylærbiologi, signalering, stressrespons og nye bioteknologiske metodar. Programmet bestod av faglege sesjonar, keynote-førelesingar, workshopar og posterpresentasjonar, og la til rette for både fagleg fordjuping og samarbeid på tvers av institusjonar.

Folk i sal
Eit samla plante- og alge-biologi-Noreg: om lag 60 forskarar, stipendiatar og studentar frå inn- og utland møttes i Bodø til Norwegian Plant Biology Conference.

– Vi er stolte av å vere vertskap for Norwegian Plant Biology Conference i Bodø. I løpet av tre dagar kom rundt 60 forskarar saman til meir enn 20 foredrag, fire internasjonale hovudinnleiingar og ein full postersesjon. Fokuset på fotosyntetiske organismar omfattar eit stort spenn av taksa, inkludert plantar, mikroalgar og makroalgar, og det er nett denne breidda som gjer det så inspirerande. Det vi veit innan éi gruppe, peikar ofte mot det som er mogleg i ei anna. Ein kysttur og konferansemiddag gav òg deltakarane høve til å knyte kontaktar på tvers av fagfelt. Tilbakemeldingane har vore svært positive, og eg meiner det var ein reell suksess som gjer forskinga vår ved Nord universitet meir synleg.

To menn ser mot kamera
Professor Paul Grini (Seksjon for genetikk og evolusjonsbiologi, Universitetet i Oslo) og førsteamanuensis Alexander Jüterbock (Fakultet for biovitenskap og akvakultur, Nord universitet), to sentrale skikkelser i det norske plante- og algebiologi-miljøet.

NPBC er ein sentral møteplass for planteforsking i Noreg, og samlar både etablerte forskarar og yngre talentar. Professor Paul Grini ved Universitetet i Oslo peikar på kor viktig slike arenaer er:

– Dette er ein svært viktig møteplass for å styrkje det nasjonale faglege samarbeidet innan planteforsking, men òg for å byggje nettverk også utenfor Noreg. For det norske plantenettverket (PNN), som står bak konferansen, er denne møteplassen også sentral for å utvikle strategiar som kan styrkje planteforskinga nasjonalt og sikre auka synlegheit – både overfor politiske beslutningstakarar og overfor framtidas planteforskarar.

Han trekkjer òg fram tydinga av vertskapet i år:

– Dette er første gong konferansen blir arrangert i Bodø, og mitt inntrykk er at både sjølve konferansen og lokasjonen freistar til gjentaking. Sidan Nord universitet har eit tydeleg fokus på marine fotosyntetiske organismar, prega dette konferansen på ein positiv måte, og eg trur mange fekk auga opp for nye moglegheiter. Det faglege programmet vart også rama inn av ein flott ekskursjon i fjæra, som kombinerte plantar på land og i vatn med fantastiske visuelle inntrykk.

Folk foran vindu
Bodø viste seg fra si aller beste side. Strålende sommervær og storslått nordnorsk natur danna ramma rundt konferansen.

Gjennom arrangementet stadfesta konferansen rolla si som ein viktig møteplass for kunnskapsdeling og samarbeid innan plante- og algeforsking – og gav samstundes Nord universitet høve til å samle fagmiljøet i nord.

Norwegian Plant Biology Conference (NPBC) 2026:

NPBC 2026 samler forskarar innan planter, makroalger og mikroalger for å utforske mekanismer, anvendingar og løysingar frå molekyl til økosystem.

Tema / Sesjonar

  • Immunitet, stressresponser og miljøtilpasning hos planter og algar
  • Signalisering, persepsjon og interaksjonar hos planter, makroalgar og mikroalgar
  • Bioteknologiske innovasjonar og nye verktøy
  • Restaurering, biodiversitet og berekraftig økosystemforvaltning