Slik studerer du smartare

Slik studerer du smartare
Stressa før eksamen? Her får du tipsa som reddar semesteret og roar eksamensnervene.

Skippertak – yay or nay?

Vi har snakka med eksperten Lars Berton Forr-Garnvik. Han veit kva læringsteknikkar som faktisk funkar, og er eit kjent fjes for studentar ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap ved Nord universitet.

– Først og fremst: Det er veldig vanleg å vere nervøs før eksamen.

Ok, så vi er heilt normale (pustar letta ut). Men kva grep bør ein ta for å meistre eit semester frå start til slutt?

Lars har dei tre viktigaste tipsa klare:

Mann med briller, brun genser og jeans står med hendene i lomma inne i et universitetslandsskap.
Lars Berton Forr-Garnvik: Deler sine beste tips til smartare studieteknikk og mindre eksamensstress.


Start tidleg og jobb jamt!
Litt arbeid kvar veke slår skippertak. Gjentatt repetisjon over tid gir betre og djupare læring enn pugging. Jobb gjerne saman med andre – læring skjer ikkje i eit vakuum, men i samspel med dei rundt deg

Test deg sjølv!
Lag flashcards, ta quiz, test deg med tidlegare eksamensoppgåver, forklar eit konsept til ein medstudent eller tenk deg fram til svaret sjølv. Då hugsar du ikkje berre meir – du får òg ein peikepinn på kva du kan og ikkje kan, noko som er nyttig når du planlegg vidare førebuing.


Ta vare på deg sjølv!
Søvn, pausar (utan scrolling), aktivitet og eit tydeleg skilje mellom studietid og fritid (tips: sjå på det som ein jobb).

Tre studenter utenfor campus Levanger.
Pause frå lesinga: Ein liten tur kan gi betre fokus og meir overskot til å lære.

Då har vi dei viktigaste punkta. Men kva med dei siste 24 timane før showtime (les: eksamen) – kva er det smartaste vi kan gjere då?

– Det siste døgnet før eksamen handlar ikkje om å lære mest mogleg nytt, men å sørgje for at det du kan sit. Sjå over dei store linjene, ver i bevegelse og få ei god natts søvn. Dette er mykje betre enn panikklesing langt utover natta, seier Lars, og legg til at dette gjeld for dei som er godt førebudde.

– Det er klart at dersom du ikkje har jobba før no, må du nok rekne med ei våken natt for å berge deg i land.

Dersom du berre skulle gitt eitt råd som alle studentar bør ta med seg – kva er det?

– Ikkje vent til du føler deg klar, men jobb aktivt med stoffet frå dag éin. Og hugs: læring skal kjennast hardt, slitsamt og frustrerande. Det er eit teikn på at hjernen jobbar. Kjennest det som ein dans på roser, er det noko som skurrar.

Eksamen på Nord universitet
 

Her finn du alt du treng å vite om det praktiske rundt eksamen.

Nord universitet sine nettsider finn du informasjon om:

  • 📝 oppmelding og gjennomføring av eksamen
  • 💻 digitale løysingar og innlogging
  • 📍 eksamenslokale og oppmøte
  • ⚠️ reglar og retningslinjer
  • 📊 sensur og klage

👉 Les meir her.

Sjekk informasjonen i god tid, så slepp du unødvendig stress på eksamensdagen.