Leiar: Fungerande rektor Levi Gårseth-Nesbakk er også leiar av innstillingsutvalet. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.
Stillinga som dekan på Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag (FLU) ved Nord universitet har vekt internasjonal interesse. Det viser den offentlege søkjarlista som no er klar.
Fungerande rektor Levi Gårseth-Nesbakk er leiar for innstillingsutvalet. Han er nøgd med søkjarlista.
– Det er gledeleg å sjå at så mange ønskjar å bidra til å utvikle Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet, seier han.
Fleire av søkjarane er for tida tilsette i heil og- eller deltidsstillinger ved Nord universitet. Men det har og kome søkjarar frå andre delar av Noreg, Finland, Sverige – og Sør-Afrika.
Dekanen for FLU er øvste leiar for fakultetet. Personen som blir tilsett, skal ikkje berre vere fakultetets faglege og administrative leiar for fakultetet internt og eksternt - nasjonalt og internasjonalt, men skal og spele ei sentral rolle i den faglege utviklinga av fakultetet.
Det gjeld særlig innan forsking, undervisning, formidling, innovasjon og kvalitetssikring av verksemnda ved fakultetet. Vedkomande vil og ha ansvar for doktorgradsprogrammet i profesjonsvitskap.
Søknadsfristen var 20. august og saka om tilsetjing skal handsamast av styret ved Nord universitet 22. oktober 2026.
Innstillingsutvalet består av:
- Levi Gårseth-Nesbakk, leiar
- Gøril Ursin, arbeidsgjevarrepresentant
- Kristoffer Hestvik Nerdal, studentrepresentant
- Renate Karin Nordnes, tillitsvald
Søkjarlista:
- Christopher Babatunde Ogunyemi (55), professor of English and Cultural Studies, Nelspruit, South-Africa
- Heidi Harju-Luukkainen (49), professor Nord universitet og University of Jyväskylä, Finland
- Lise Leanore Nordenborg Linge (63), seniorrådgjevar ved dekankontoret, Fakultet for arkitektur og design, NTNU, Trondheim
- Kåre Hauge (58), førsteamanuensis i pedagogikk, seksjonsleiar ved institutt for lærarutdanning, NTNU
- Arild Husby (46), førsteamanuensis, Uppsala, Sverige
- Line Dverseth Tjærandsen (36), prodekan utdanning ved Nord universitet, Bodø
- Siri Merethe Skar (43), universitetslektor (ph.d) i drama, Oslo
- Gustaf Bernhard Uno Skar (43), professor i norskdidaktikk, Trondheim
- Nadra Jesmine Nilsen (49), seniorforsker, Trondheim
- Unnateke offentlegheit
