Elena Sæther frå Nordområdesenteret og Bertrand Le Gallic frå Université de Bretagne Occidentale, som var gjesteforelesar og mentor på årets kurs. Foto: Markus Thonhaugen / Nordområdesenteret.
Sustainable Blue Growth in the High North var det mest populære kurset under Nord Summer School i sommar.
Gjennom ei veke fekk studentane undervisning om mellom anna fiskeri, havbruk, reiseliv og havpolitikk. Dei besøkte også Saltstraumen og eit lakseoppdrettsanlegg i Gildeskål.
Elena Sæther, førsteamanuensis ved Nordområdesenteret ved Nord universitet, har hovudansvaret for kurset.
– Vi såg at det var stor interesse blant studentane. For å kunne vidareføre kurset trong vi ein god modell, seier Sæther.
Nye europeiske samarbeidspartnarar
Frå 2027 skal kurset utviklast i samarbeid med Universitetet i Split i Kroatia og Université de Bretagne Occidentale i Brest i Frankrike.
Begge universiteta er ein del av SEA-EU (European University of the Seas), ein allianse mellom universitet i Europa.
– Interessa for Arktis aukar i heile Europa. Som det einaste universitetet i alliansen som held til i nordområda, kan Nord universitet bidra med viktige arktiske perspektiv, seier Sæther.
Studentane skal framleis vere fem dagar i Bodø, men dei skal også møtast digitalt. Studentar frå partneruniversiteta kan søkje om støtte til å dekkje delar av kostnadane til reise og opphald.
– Svært få internasjonale studentar har råd til flyreise, overnatting og andre kostnadar knytte til det å reise til Noreg, seier Sæther.
Støtta kjem gjennom Erasmus+, EUs program for samarbeid og utveksling innan høgare utdanning. Partneruniversiteta skal også bidra i planlegginga og undervisninga.
– Det vil styrkje det faglege innhaldet og gjere kurset meir relevant for studentar frå andre europeiske universitet, seier Sæther.

Kom frå Brest
Bertrand Le Gallic reiste frå Brest til Bodø for å undervise på årets kurs.
Han er førsteamanuensis ved Université de Bretagne Occidentale og arbeider med fiskeri og havbruk. I Bodø deltok han som gjesteforelesar og mentor for studentane.
Le Gallic meiner Noreg gir studentane verdifulle erfaringar.
– Både innan fiskeri og havbruk er Noreg blant dei beste å lære av.

Håpar kurset blir permanent
Årets kursutgåve var den tredje i rekkja.
Dei to føregåande åra vart kurset gjennomført med støtte frå prosjekt finansierte av Utanriksdepartementet og University of the Arctic. Sæther håpar den nye modellen vil gjere det enklare å arrangere kurset kvar sommar framover.
Eg håpar det kan bli ein fast del av Nord Summer School
Nord Summer School er eit sommarskuleprogram ved Nord universitet med kurs som varer ei veke for norske og internasjonale studentar. Sæther håpar også at opphaldet i Bodø kan få fleire studentar til å kome tilbake for å ta ei lengre utdanning.
– I undersøkinga vi gjennomførte i år, svara 100 prosent av studentane at dei var opne for å kome tilbake til Bodø for eit anna studietilbod.
– Det er ein svært positiv effekt av Nord Summer School og kurset, og difor er det viktig å halde fram, avsluttar Sæther.

