– Regelverket er komplisert og strengt, seier Camilla Johansen, leiar ved Akutteininga Salten ved Nordlandssjukehuset. Foto: Privat
Lytring 27. august 2026
Kva om du er så psykisk sjuk at du ikkje greier å ta vare på deg sjølv? Lytring inviterer til debatt og spør om både familie og helsepersonell har mista moglegheita til å hjelpe i tide.
- 27. august 2026 kl. 18.00-19.30
- Stormen bibliotek i Bodø
- Debatten blir i tillegg strøyma på YouTube
Hva hvis du er så psykisk syk at du ikke greier å ta vare på deg selv? – Lytring
– Ja, du kan bli tvangsinnlagd utan å bli tvangsmedisinert. Regelverket er komplisert og strengt, seier Camilla Johansen, leiar ved Akutteininga Salten ved Nordlandssjukehuset.
Konsekvensen kan for somme pasientar vere at nødvendig behandling kjem for seint.
– For nokre kan det gjere uoppretteleg skade at vi ikkje set i gang behandling med ein gong vi ser behovet, seier Johansen.
Når Lytring inviterer til debatt om tvang i psykiatrien 27. august i Stormen bibliotek, tek Johansen med seg erfaringar frå ein arbeidskvardag der spørsmålet om tvang stadig dukkar opp.
Heng ikkje på greip
Til Lytring kjem òg ein far som har kjent på kroppen korleis dagens lovverk kan bidra til unødig liding.
Sonen hans vart tvangsinnlagd med alvorleg psykose, men vart likevel ikkje medisinert. Først etter å ha vore vaken i åtte døgn, og då det oppstod fare for liv og helse, fekk han akutt tvangsmedisinering.
– I meir enn ei veke levde sonen min i eit vanvittig mareritt og trudde han skulle døy. Det var ikkje mogleg å få kontakt med han, og han var erklært «ikkje samtykkekompetent». Likevel vart han ikkje medisinert, og grunnen var at han ikkje samtykte. Eit slikt regelverk heng ikkje på greip, seier faren.
Johansen meiner slike erfaringar viser kvifor det er behov for ein breiare diskusjon om når tvang faktisk er nødvendig.
– Eg er glad for at Lytring løftar ein debatt om dette.
Auke i tvang
Interne tal frå Nordlandssjukehuset viser ein kraftig auke i tvangsinnleggingar. I perioden 2015–2017 vart det i gjennomsnitt lagt inn 326 pasientar under tvang kvart år. I perioden 2021–2025 var gjennomsnittet 595, ein auke på 82 prosent.
Johansen meiner auken må sjåast i samanheng med at pasientane er sjukare, samstundes som førebyggjande og ambulante tenester er bygde ned.
– Folk er sjukare, og rusbruken har auka enormt. Førebyggjande tilbod vart bygde ned under covid og kom aldri tilbake. Dei som kjem til oss, er sjukare, og det gjer behandlinga vanskelegare, seier ho.
Ho meiner konsekvensen kan bli at menneske som treng hjelp, først får henne når situasjonen har vorte alvorleg.
– Det er mange som lid og er sjuke, men ein får ikkje hjelpt dei før det har gått veldig langt.
Når er tvang nødvendig?
Johansen meiner det er rett at tvang i psykisk helsevern er strengt regulert. Samstundes etterlyser ho ein debatt om situasjonane der tvang faktisk kan vere nødvendig.
– Når er tvang rett? Det er eit etisk spørsmål, like mykje som eit medisinsk spørsmål.
Det er eit spørsmål utan eit enkelt svar. Difor inviterer Lytring til debatt.
I tillegg til Johansen og den pårørande faren, deltek forskar Esben Olesen ved Nord universitet og Nordlandsforsking, Tore Riedl, leiar for kontrollkommisjonen ved Nordlandssjukehuset, samt fylkeslege Morten Sundnes hos Statsforvaltaren. Anki Gerhardsen, ansvarleg redaktør for Lytring, skal leie debatten.
Lytring
Lytring er ein debattarena som skal styrkje eit forskingsbasert, offentleg ordskifte som er aktuelt, spennande og lærerikt for innbyggjarar i heile landet. Lytring er ein arena der forskarar møter samfunnsdebattantar til diskusjon og refleksjon.