Brubygging: Forskarane Kåre S. Fuglseth (til venstre), Gabriella Gelardini og Per Jarle Bekken er redaktørar for ein konferanseantologi på 1,6 kilo og nær 1 000 sider. – Boka byggjer bru mellom fortid og nåtid, og mellom pedagogar og antikkens forskarar, seier Fuglseth. Foto: Bjørnar Leknes.
Resultatet er ei bok på 1,6 kilo og nær 1 000 sider, med bidrag frå nokre av verdas fremste ekspertar på antikken og pedagogikk.
Men det er innhaldet dei tre redaktørane håpar vil få størst tyngd.
Virtus et Humanitas: Bridging Virtues and Values of Greco-Roman, Jewish, and Christian Paideia samlar 46 forskingskapittel frå forskarar ved leiande universitet i Europa og USA. Til saman deltek forskarar frå 15 land.
Alle dei tre redaktørane arbeider ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet.
– Vi trur dette er det mest ambisiøse publiseringsprosjektet fakultetet vårt har gjennomført så langt, seier professor Gabriella Gelardini.
Frå konferanse til internasjonalt praktverk
Boka har utspring i ein internasjonal og tverrfagleg konferanse som vart arrangert i Bodø i 2022. Rundt 70 forskarar frå 15 land møttest for å diskutere kva dagens skule og samfunn kan lære av antikken.
Konferansen var eit samarbeid mellom Nord universitet, Universitetet i Oslo og University of Michigan.
Nesten alle foredragshaldarane sa ja til å utvikle bidraga sine til kapittel i boka.
– Vi klarte å samle verdsleiande forskarar innan både antikkstudiar og pedagogikk. Det var heilt spesielt. At så mange ønskte å vere med vidare, er vi svært glade for, seier Gelardini.
Ei bru mellom fortid og notid

Gjennom heile prosjektet har eitt ord gått att: brubygging.
Målet har vore å byggje bru mellom gamle tekstar og dagens utdanning. Men også mellom fagmiljø som sjeldan arbeider tett saman.
– Vanlegvis møtest ikkje pedagogar og antikkforskarar. Her fekk dei diskutere dei same spørsmåla frå ulike perspektiv. Det vart svært fruktbart, seier Gelardini.
Professor Kåre Fuglseth meiner samtalen mellom fortid og notid er viktigare enn mange trur.
– Når vi skal skape ei god framtid, byggjer vi alltid på idear frå fortida. Difor må vi òg forstå kvar desse ideane kjem frå, seier han.
Kva kan vi lære av antikken?
Forskarane har undersøkt korleis gamle greske, romerske, jødiske og kristne tekstar kan kaste lys over dagens utdanning.
Eit sentralt omgrep er paideia, som kan omsetjast med danning.
– Danning kom tilbake i den norske læreplanen i 2020. Då vart det naturleg å gå tilbake til opphavet. Omgrepet har vore med oss i over to tusen år, seier Fuglseth.
I antikken snakka ein ofte om dygder. I dag brukar vi oftare ord som verdiar og haldningar.
– Kva betyr eigentleg verdiar som toleranse og ansvar? Det er slike spørsmål boka prøver å utforske, seier han.
Demokratiske verdiar under press
Prosjektet handlar ikkje berre om historie.
Redaktørane meiner boka også tek opp spørsmål som er høgst aktuelle i vår tid.
– Vi lever i ei tid der demokratiske verdiar mange stader blir svekka. Difor er det viktig å undersøkje kva slags verdiar som har stått seg gjennom lang tid, seier Gelardini.
Ho understrekar samstundes at gamle ideal ikkje ukritisk kan overførast til vår eiga tid.
– Vi ønskjer ikkje å kopiere fortida. Vi ønskjer å lære av ho. Det krev både openheit og kritisk refleksjon.
Meir teori inn i skulen

Fuglseth håpar boka kan påverke utdanningsforskinga.
Han meiner mykje forsking i dag handlar om å samle data frå klasserommet, medan dei grunnleggjande teoriane får mindre plass.
– Har du ikkje teori på empiri, blir du blind. Då veit du ikkje kva du eigentleg ser etter. Vi ønskjer å løfte fram dei lange idélinjene som ligg bak dagens pedagogikk, seier han.
Har du ikkje teori på empiri, blir du blind. Då veit du ikkje kva du eigentleg ser etter.
Kåre S. Fuglseth
Han håpar boka kan bidra til å gi humaniora ein sterkare plass i lærarutdanninga.
Ei bok for langt fleire enn teologar
Sjølv om redaktørane har bakgrunn innan teologi og antikkstudiar, er boka skriven for ei langt breiare målgruppe.
Ho vender seg mot forskarar, studentar, lærarar, pedagogar, filosofar, prestar og andre som er interesserte i utdanning, danning og verdiar.
Professor Per Jarle Bekken meiner møtet mellom ulike fag har gjort boka sterkare.
– Pedagogar har lenge henta inspirasjon frå antikken. Vi håpar denne boka kan opne døra til endå fleire av dei gamle tekstane og perspektiva, seier han.

Fire år med hardt arbeid
Arbeidet med boka har teke fire år.
Redaktørane fortel om ein lang prosess med fagfellevurderingar, redigering og samarbeid med forskarar frå fleire verdsdelar.
– Det kjennest nesten uverkeleg å vere ferdig. Vi har levd med denne boka så lenge, seier Fuglseth.
For Gelardini har prosjektet også hatt ei personleg side.
– Samarbeidet har vore fantastisk. Vi har ikkje berre skapt ei bok saman. Vi har òg bygd eit sterkt vennskap. Det kjem eg til å sakne.
Samarbeidet har vore fantastisk. Vi har ikkje berre skapt ei bok saman. Vi har òg bygd eit sterkt vennskap. Det kjem eg til å sakne.
Gabriella Gelardini
Bekken kjenner først og fremst på takksemd.
– Eg føler eg har fått vere med på noko heilt spesielt. Det er eg oppriktig takksam for.
Han peikar også på at boka har samla forskarar frå den internasjonale eliten.
– Vi har bidrag frå forskarar ved mellom anna Yale og Cambridge. Det er forskarar frå absolutt øvste hylle.
Trur boka vil styrkje Nord universitet internasjonalt
Redaktørane håpar boka vil bli lesen langt utover Noreg.
– Eg trur denne boka vil gjere Nord universitet endå betre kjent i europeiske forskingsmiljø, seier Fuglseth.
For dei tre handlar prosjektet likevel om meir enn internasjonal merksemd.
Dei håpar boka kan inspirere til nye samtalar om utdanning, danning og demokrati.
Og kanskje vise at nokre av dei viktigaste spørsmåla om korleis menneske blir danna, framleis har røter som strekkjer seg meir enn to tusen år tilbake i tid.
Bokfakta
Tittel: Virtus et Humanitas: Bridging Virtues and Values of Greco-Roman, Jewish, and Christian Paideia
- Utgitt av Waxmann i serien Religious Diversity and Education in Europe.
- Redaktørar: Gabriella Gelardini, Kåre Fuglseth og Per Jarle Bekken ved Nord universitet.
- 958 sider og 1,6 kilo.
- Inneheld 46 forskingskapittel.
- Bidragsytarar frå 15 land, mellom dei 17 norske forskarar (sju frå Nord universitet).
- Byggjer på den internasjonale og tverrfaglege konferansen Enoch Seminar – Nangeroni Meeting i Bodø i 2022. Konferansen samla rundt 70 forskarar frå heile verda.
Waxmann Verlag: Reihen


