– Vi må våge å diskutere ei styrt sentralisering av Nord-Noreg

– Vi må våge å diskutere ei styrt sentralisering av Nord-Noreg
Trass i store statlege tiltak held folk fram med å flytte frå Nord-Noreg. No meiner ein UiT-forskar at ei meir styrt sentralisering av landsdelen kan vere vegen å gå.

– Vi må slutte å spreie tiltaka for tynt utover. Vi må heller byrje å ta dei vanskelege avgjerdene om kva for lokalsamfunn som har livets rett i eit femti- til hundreårs perspektiv.

– Vi må våge å tenkje nytt og ta litt tøffare avgjerder, meiner Troy Saghaug Broderstad, førsteamanuensis ved UiT Norges arktiske universitet.

Onsdag 20. mai deltek han i Lytring-debatt i Stormen bibliotek i Bodø. Der blir spørsmålet stilt om det er på tide å gi opp tiltakspakkar og hårete visjonar, og heller la naturen få tilbake delar av Nord-Noreg.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser framleis netto utflytting frå alle dei tre nordlegaste fylka når ein ser bort frå flyktningar frå Ukraina og annan innvandring. Nordland hadde netto utflytting på 1463 personar i 2025, medan Troms og Finnmark hadde høvesvis 1012 og 412 i minus.

Lytring 20. mai 2026

Skal vi ikkje berre la folk flytte? Folketalet rasar, arbeidslivet er avhengig av pendlarar, og Statistisk sentralbyrå seier at det skal bli endå verre framover. Er det på tide å gi opp tiltakspakkar og hårete visjonar, og heller la naturen få tilbake delar av Nord-Noreg?

  • 20. mai 2026 kl. 18.00-19.30
  • Stormen bibliotek, Bodø
  • Debatten blir i tillegg strøymd på YouTube

Lytring: Skal vi ikkje berre la folk flytte?

– Utviklinga er lik i Noreg og Sverige

Broderstad meiner tala viser at dagens distriktspolitikk ikkje fungerer slik ein ønskjer.

– Det største tiltaket er tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark, med skattefordelar og økonomiske insentiv. Det er vanskeleg å sjå at det har hatt den effekten ein håpte på, seier han.

Han peikar på at Noreg over tid har brukt langt meir pengar på distriktspolitikk i nord enn Sverige.

Likevel er utviklinga svært lik på begge sider av grensa.

– Sverige har brukt mykje mindre pengar på å forsøkje å påverke busetjing, men trendane er nesten identiske. Folk flyttar mot større stader med utdanningstilbod, arbeidsmarknad og tenester, seier Broderstad.

Urbaniseringstrend i Vesten

Broderstad meiner utviklinga må forståast som del av ein større urbaniseringstrend som råkar store delar av den vestlege verda.

– Mange unge har andre forventningar til kva eit lokalsamfunn skal tilby enn det ein hadde for femti eller hundre år sidan.

Broderstad viser til utfordringar knytte til avstandar, transport og tilgang på tenester i mange små lokalsamfunn.

Samtidig kjem det fram i ein studie gjort av Nord universitet at klima og vêr er ein av dei viktigaste grunnane til at folk flyttar.

Forsvar av landet

Broderstad meiner staten i større grad bør prioritere arbeidsplassar, næringsutvikling og robuste regionale sentrum framfor breie personretta støtteordningar.

– Skal ein få folk til å bli verande i nord, må ein leggje til rette for næringsliv og industriutvikling. Det handlar om arbeidsplassar, infrastruktur og stabile lokalsamfunn, seier han.

Samtidig understrekar han at busetjing i nord også handlar om beredskap og tryggleikspolitikk.

– I eit totalberedskapsperspektiv er sivilsamfunnet ein del av førstelinja i forsvaret av landet. Skal vi kunne forsvare landsdelen, må folketalet ha ein viss storleik, noko som heng saman med infrastruktur og kva som er verdt å forsvare.

Broderstad møter Synnøve Vereide Trampe frå Aftenposten, Helga Pedersen frå Norges Bondelag, Thor-Erik Sandberg Hanssen frå Nord universitet og Erlend Bullvåg frå Kunnskapsparken Bodø til debatt.

Debatten blir arrangert av Lytring i Stormen bibliotek klokka 18.00 til 19.30, og blir også strøymd på Facebook og YouTube.

Fakta om Lytring

Lytring skal stimulere til samfunnsengasjement og setje dagsorden både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforsking. Lytring skal setje kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet og skape ein arena for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar.

I løpet av eit kalenderår lagar Lytring:

  • 9 debattar i Bodø, Stormen bibliotek
  • 2 debattar i Levanger, Røstad Scene
  • 2 debattar i Mo i Rana, Teaterkafeen
  • 2 debattar i Svolvær, Lofoten kulturhus

Redaktør og daglig leiar for Lytring er Anki Gerhardsen.

Alle debattane blir strøymde og lagra via lytring.no