Vi treng fortida og fortida treng oss

Vi treng fortida og fortida treng oss
Kronikk: Skal vi ruste barn og unge for ei ukjend framtid, må vi først forstå fortida. Skal vi ruste barn og unge for ei ukjend framtid, må vi først forstå fortida. Antikke idear er framleis avgjerande for utdanning, danning og dømmekraft.

Vi lever i ei tid der framtida verkar å ha fått forrang for fortida. Vi skal førebu barn og unge på det ukjende, dei skal handtere teknologi ingen kjenner, leve med global uro for noko ubestemt og takle raske endringar i natur og kultur. Men den einaste kjelde vi har til det framtida kan bringe oss er fortida, nær eller fjern. Så kva for slags kunnskap gjer oss eigentleg i stand til å møte framtida?

Dette var utgangspunktet for arbeidet med boka Virtus et Humanitas: Bridging Virtues and Values of Greco-Roman, Jewish, and Christian Paideia, utgitt på det tyske Waxmann-forlaget i år. I boka har vi samla 46 bidrag frå forskarar, pedagogar og historikarar, i 15 land, bidrag som opphavleg vart presentert på ein større internasjonal og tverrfagleg konferanse på lærarutdanninga ved Nord universitet i Bodø.

Forskingsprosjektet sprang ut av eit grunnleggjande spørsmål: Kan antikkens tekstar og idéar kaste lys over dei utfordringane grunnskulen og anna utdanning står overfor i dag?

Svaret boka gir, er eit tydeleg ja, men på ein måte som utfordrar både skuleforsking og praksis.

Ei bok om samtalen med fortida

Virtus et Humanitas er ikkje ei historiebok i vanleg meining. Ho er eit forsøk på ein ekte samtale med fortida og mellom forskarar frå ulike disiplinar og felt, pedagogikk, religionshistorie, filosofi og teologi og antikkens historie fag meir allment. På den eine sida vil vi tru at idéar frå gresk-romersk, jødisk og kristen tradisjon formar måten vi forstår vår eiga tid på og kva vi tenkjer om innhald og form på utdanning av neste generasjon.

Målet med eit slik arbeid er ikkje å kopiere fortida, men å forstå henne. Antikken er annleis enn vår tid, men òg ein del av grunnlaget for å forstå notida. Mange av dei mest sentrale omgrepa i moderne pedagogikk har røter nettopp der: idear om kunnskap, dømmekraft og handling.

Dermed blir fortida ikkje eit tillegg til utdanninga, men ein føresetnad for å forstå henne. Samstundes kan vi seie at vi har plikt til å forstå fortida mest mogleg breitt utan å projisere eigne løysingar. På ein måte treng fortida oss.

Danning, gammalt svar på stadig nye spørsmål

Eit nøkkelomgrep i boka er paideia, eller danning. Omgrepet har vore sentralt i over to tusen år, og fekk ny aktualitet i Noreg då det vart løfta fram att som overordna mål i den norske læreplanen frå 2020.

Men kva betyr eigentleg danning i dag?

Boka viser at vi i dag ofte brukar andre ord for det same fenomenet. Til dømes blir «dygd» til «verdi». Problemet med verdiomgrepet er at det er relativt nytt og ofte uklart, medan dygd inngår i ein lang og samanhengande refleksjon om det gode livet.

Dette handlar ikkje berre om vi kan definere dygd i dag. Det handlar om korleis vi forstår grunnlaget for utdanning. Verdiar er ikkje berre noko vi lærer som ord; dei blir til i praksis, i vanar og handlingar. Difor får dette også konsekvensar for lærarrolla: Læraren er ikkje berre formidlar, men førebilete.

Kvifor fortida er nødvendig

Eit gjennomgåande poeng i boka er at vi ikkje kan velje bort fortida. Ho formar eigentleg forståing. Vi møter verda gjennom kategoriar som har ei historie. Utan å vere medvitne om dette, risikerer vi å misforstå både oss sjølve og samfunnet rundt oss om vi ikkje kjenner opphavet.

Difor er det også ein pedagogisk oppgåve å føre elevar inn i denne historiske samanhengen. Dei må lære å tolke tekstar, tradisjonar og idear i lys av det som har vore. Dei fleste skulefag handlar om gjenskape den prosessen som fortida gjekk gjennom. Vi må då gjenskape prosessen som først skapte ideen. Dette gjeld ikkje berre kulturfaga, men også dei naturvitskaplege og matematiske. Nybyrjaropplæringa i matematikk gjenskapar rekninga og innhaldet er frå antikken.

Samtidig gir fortida noko anna: avstand.

Ein fordel med fortidas og særleg antikkens tekstar som materiale i skulen, er at dei gjer det mogleg å diskutere verdikonfliktar utan å vere låste i dagens politiske frontar. Dei skaper rom for refleksjon, ikkje berre for meiningar. Den tysk-amerikanske filosofen Hannah Arendt argumenterte sterkt for det. Vi skal ikkje bruke skulen til å løyse dagens og morgondagens eventuelle problem. Dagens problem skal vi vaksne ta oss av. Slik kan samtalen med fortida også styrkje dømmekrafta.

Ein kritikk av utdanningstenkinga i dag

Boka går også inn i ein aktuell debatt om retninga i utdanningsfeltet og bruken av teori i empirisk skuleforsking.

I dag er mykje forsking og skulepolitikk orientert mot bruk av empiri, metodar og framtidskompetansar. Empirisk forsking er viktig, men boka peikar på ein risiko: Utan teori blir empiri blind. I vitskapsteorien er dette innsikt frå opplysningstida, og ho er like gyldig i dag.

Vi kan samle data om læring utan å forstå kva læring eigentleg er. Vi kan utvikle metodar utan å vite kva slags menneske dei skal danne.

Dette heng saman med ein annan kritikk: tendensen til å skilje form frå innhald.

Det blir ofte hevda at elevane først og fremst treng ferdigheiter for å møte framtida. Men utan eit solid møte med kunnskap, tradisjonar og fagleg innhald, blir slike ferdigheiter tomme. Form verkar ikkje utan stoff. Danning startar ikkje i det ukjende, men i det som allereie finst: språk, forteljingar og kunnskap.

Fortida som framtidslaboratorium

Ein av dei mest slåande innsiktene som kjem til uttrykk i boka, er at fortida eigentleg er vårt beste framtidslaboratorium.

Det vi kallar fortid var ein gong framtid, som den norske filosofen Audun Øfsti skreiv innsiktsfullt om.

Når vi studerer historia, studerer vi dermed også korleis menneske har møtt det uvisse før oss. Vi ser korleis idear har vakse fram, blitt utfordra og omforma. Dette gir ikkje ferdige svar på framtida. Men det gir noko viktigare: perspektiv.

Kvifor boka er viktig no

Virtus et Humanitas kjem på eit tidspunkt der mange av dei verdiane som har prega europeiske samfunn, er under press og ikkje lenger kan takast for gitt.

I ei slik tid held det ikkje å gjenta ord som «demokrati» og «toleranse». Vi må forstå kva dei betyr, og kvar dei kjem frå.

Det er her boka gir sitt mest vesentlege bidrag. Ho opnar på ny ei dør inn til dei lange tradisjonane som ligg bak moderne utdanning, og inviterer til ein meir grunnleggjande refleksjon over kva skulen er til for.

Boka er ikkje berre for spesialistar. Ho er skriven for alle som arbeider med, eller er opptekne av, utdanning, danning og verdiar.

Og bodskapen er klar: Skal vi førebu neste generasjon på framtida, må vi gi dei eit djupare møte med fortida.