Vibeke oppmodar andre kvinner til å ta steget mot ny kunnskap

Vibeke oppmodar andre kvinner til å ta steget mot ny kunnskap
Det å rydde plass til studiar blir av mange opplevd som ein egotripp. – Eg venta for lenge, seier Vibeke, som fekk blod på tann då ho først kom skikkeleg i gang.

Vibeke Djupvik Mikalsen er til dagleg avdelingsleiar for Driftservice ved Nordlandssjukehuset, og har det overordna ansvaret for reinhald, kjøkken, kantine og sentralbord ved alle einingane til Nordlandssjukehuset. Ho opplever at årsstudiet i økonomi, marknadsføring og leiing har bidrege til å styrkje leiarposisjonen hennar og gitt henne kompetanse ho har stor nytte av i leiarrolla.

Eg måtte ta eit oppgjer med dårleg samvit, og fekk rett og slett rydda det rommet som gav plass til å vere student igjen, seier ho begeistra.

Bort med dårleg samvit

Historia hennar er lett å kjenne seg att i: Jobben tek tid, familien veks, livet skjer. «Studenten i magen» får beskjed om å vente … og vente. Åra går, terskelen blir høgare – og så går det jo så fint utan kav med oppgåver og eksamenar.

– Eg fekk eit spark bak, tanken måtte berre modne litt, så var eg i gang. Eg måtte ta eit oppgjer med dårleg samvit, og fekk rett og slett rydda det rommet som gav plass til å vere student igjen, seier ho begeistra.

Nye perspektiv

Med ny kunnskap og nye perspektiv har Vibeke opplevd å evne å se løsninger på nye måter. I disse dager står hun midt i en endringsprosess der fersk teori kommer til nytte.

At vi gjennom studiet jobba med praktiske caser og knytte desse opp mot leiingsteori, er gull verdt.

Med ny kunnskap og nye perspektiv har Vibeke opplevd å sjå løysingar på nye måtar. No står ho midt i ein endringsprosess der fersk teori kjem til nytte.

– At vi gjennom studiet jobba med praktiske caser og knytte desse opp mot leiingsteori, er gull verdt. Også arbeidsrett, der vi tok oss tid til å reflektere over ulike problemstillingar frå både leiar- og arbeidstakarperspektiv, er noko alle leiarar ville hatt nytte av, seier Vibeke.

Det å møte på samlingar og treffe medstudentar i alle aldrar og frå heilt ulike jobbsamanhengar viste seg å vere svært givande. Engasjerte førelesarar gav etterlengta påfyll, og før ho visste ordet av det, var ho blitt hekta. Ho ville meir.

– Eg hadde gjennom åra tatt nokre enkeltemne her og der, litt utan mål og meining, kjentes det som.

Klar for master

Takka vere god rettleiing frå studierådgivar ved Handelshøgskolen fekk Vibeke stadfesta at tidlegare studiepoeng framleis var gyldige og kunne setjast saman til ein samansett bachelor. Det opna for vidare fagleg utvikling, støtta av både arbeidsgivar og kollegaer.

Bacheloroppgåva «Ledere viser vei – Hva gjør ledere for å oppnå lavere sykefravær?» bygde naturleg vidare på dette. Arbeidet gav verdifull innsikt i korleis kompetanse og god leiing kan bidra til lågare sjukefråvær i praksis.

No håper ho å ta neste steg og starte på master i strategi og leiing til hausten.

Årsstudium i Økonomi, marknadsføring og leiing

Bodø, Stjørdal

Deltidsstudiet i økonomi, marknadsføring og leiing gir deg grunnleggjande kunnskap innan bedriftsøkonomi, organisasjon og strategi. Perfekt tilpassa for deg i jobb.

Oppstart: Haust 2026
Studieform: Deltid
Studiepoeng: 60
Studielengde: 2 år
Opptakskrav: Sjå krava
Søknadsfrist: 15. april 2026

Les meir om studiet

Kontaktperson

Studieveileder

Studieprogramansvarlig