Akademisk årsfest
Nord universitet skal dele ut prisar til forskarar og underviserar som har utmerka seg spesielt det siste året.
Akademisk årsfest er open for alle som ønskjer å delta. – Vi inviterer til forskarfest. Dette er eit høgtideleg arrangement for å heidre forskarar i ulike fag, og vi deler ut tre ulike forskarprisar. Vi heidrar også dei som er blitt meritterte undervisarar, fortel Grete Ingemann Knudsen ved Nord universitet.
Program:
- Akademisk prosesjon med dekanar, doktorar og rektor.
- Musikalsk innslag.
- Velkomsttale.
- Forskar Grand Prix.
- Presentasjon av doktorar.
- Musikalsk innslag.
- Utdeling av diplom til meritterte underviserar.
- Utdeling av prisar: Forskingspris, Læringsmiljøpris og Formidlingspris.
- Allsang «Skjønne sammenhenga».
Det kjem meir detaljert informasjon om årsfesten.
