Eitt av fjorårets definitive høgdepunkt - og ikkje minst nyvinningar under Forskingsdagane - var den omreisande musikkbussen «Rolling research». Bussen husar både scene og publikumsareal, og vil gje besøkjande unike opplevingar.
Alle som vil, kan vitje bussen heilt gratis. Det er plass til 40 tilhøyrarar per busstopp.
Program/busstider:
Torsdag 19. september 2024 vitjar bussen Stjørdal, Trondheim, Heimdal og Melhus. Busstopp og tidspunkt ser du her:
- Kl. 09.35: Ole Vig vgs, Stjørdal
- Kl. 11.30: Trondheim Katedralskole, Trondheim
- Kl. 14.00: Heimdal vgs, Trondheim
- Kl. 16.30: Trøndertun Folkehøgskole, Melhus
Om musikkforskinga og bussen:
Kva er forsking på musikk og musikkrelaterte læringsprosessar? Kan ein forske på musikk, og eventuelt korleis? Ja, klart kan vi forske på musikk! Vi kan til og med forske med og i musikk. Kom og høyr på oss, så får du oppleve ulike måtar å forske på, med og i musikk.
Bussen var tidlegare ein flybuss og er også kjend som «Jazzekspressen». Framkomstmiddelet er ombygd. Ved bakarste dør, omtrent midt i bussen, er det gjort plass til ei underhaldningsscene med lyd- og lysanlegg. Setene framst i bussen er snudd 180 grader, medan setene lengst bak er vendt mot scena som før. Bussen har i alt 40 publikumsseter.
