Teknologi og helse smeltar saman. E-helse berører oss alle, men kva betyr dette for kvar enkelt: som pasient, som pårørande eller som profesjonell helsearbeidar? Målet er at e-helse skal forbetra livskvaliteten for pasientar og pårørande, samtidig som det gir helsepersonell nye verktøy for å yta betre omsorg. Er det slik?
På dette webinaret vil me gi deg smakebitar på mangfaldet innan e-helse og korleis e-helse allereie er i utprøving og bruk, og dessutan forskinga vår knytt til fagområdet.
Det er forskingsgruppa E-helse, innovasjon og leiing (EHIL) som arrangerer webinaret under Forskingsdagane 2024
Program
Kl. 12.00: Velkommen til webinar v/møteleiar Wenche Wannebo og Jorunn Bjerkan, koordinator for vidareutdanning i E-helse, Nord universitet
Kl. 12.05: SENSE-garden: ein multisensorisk velferdsteknologi for menneske som lever med demens. Katherine Hazel Skaife, førsteamanuensis ved Nord universitet
Kl. 12.20: Etablering og erfaringar av Virtuell helseavdeling i Bodø kommune. Francis Odeh, Kommuneoverlege, Bodø kommune
Kl. 12.35: Pause
Kl. 12.45: E-helse-løysingar og berbare digitale hjelpemiddel, løysingar eller utfordringar? Kva seier brukarar i palliativ omsorg kontekst? Rada Sandic Spaho, PhD stipendiat, Nord universitet
Kl. 12.55: Mot auka kunnskap om eigen situasjon: samskaping av digital kommunikasjonsløysing for pasientar i hemodialyse. Anne Deinboll, Phd-kandidat / universitetslektor, Nord universitet
Kl. 13.05: Implementering av teknologi i helsetenesta. Kva inneber superbrukar rolla? Sissel Pettersen, PhD stipendiat Nord universitet
Kl. 13.15: Rehabilitering med m-helse: Personar med sjukleg overvekt og fagpersonar erfaringane sine med bruk av mobilapplikasjon som verkemiddel i rehabiliteringsforløpet. Vidar Schei Johansson, masterstudent i E-helse Nord universitet
Kl. 13.25: Pause
Kl. 13.35: The Neon Young Norway study. Kristin Børresen, PhD stipendiat, Nord Universitet
Kl. 13.45: På jakt etter informasjonskontinuitet i helsetenestene. Øivind Skeidsvoll Solvang, Helse Vest IKT og PhD stipendiat, Nord universitet
Kl. 13.55: Korleis finne det språket me ikkje har? Silje Solø-Skog, PhD stipendiat, Nord universitet
Kl. 14.05: Pause
Kl. 14.15: Journalnotat møter teknologi: AI i kampen mot sepsis. Lise Tuset Gustad, førsteamanuensis Nord universitet
Kl. 14.25: XR-teknologi i helseundervisning. Nokre døme på bruksmåtar. Håvard Sørli, prosjektleiar Tindved kulturhage/Vizlab Levanger
Kl. 14.35: Paneldebatt: Kva betyr E-en i E-helse?
- Jorunn Bjerkan, førsteamanuensis ved Nord universitet
- Terje Solvoll, professor ved Nasjonalt senter for e-helseforskning, Tromsø
- Rune Pedersen, professor ved Nasjonalt senter for e-helseforskning, Tromsø
Kl. 14.55: Avslutning og takk for i dag
