Åpen bukt

Forskningsdagene 2024 - Åpen bukt
Åpen bukt
Små og store kan utforske og lære om hav og biologi under denne familiedagen i Mørkvedbukta, søndag 22. september.

Du kan sjå, ta på og lære meir om livet i og ved havet - med ulike fiskar, manetar, krabber, sjøstjerner, kråkebollar og andre sjødyr. Her kan du også studere utstyr og metodar som brukast i havforskinga.

Åpen bukt er ein svært populær og årleg opplevingsdag for barn og vaksne, og inneheld ei rekke stasjonar med mellom anna levande fiske- og sjøartar, disseksjon av fisk, fôr og fôringrediensar, algar, undervannsdrone/u-båt og konkurransar for barn.

Arrangementet er ein del av Forskningsdagene, og arrangøren er forskarar og studentar ved Nord universitet.

Publikumsinformasjon:

Åpen bukt samla rundt 3 000 små og store i 2023. Vi håpar på godt besøk også i år. Det er muleg å parkere ved Mørkvedbukta skule, men dette området er noko avgreinsa. Du bør difor vurdere alternativ transport og andre parkeringsområde.

Mat og drikke:

Det vil vere ein kafé i bukta. Det er samstundes muleg å ta med eiga drikke og mat.

Workshop: Narrative CVs in grant applications
Kurs bibliotek
Forskning
Webinar
26. august 2026

Workshop: Narrative CVs in grant applications

Zoom
09:30
11:30
What are narrative CVs? Why do they matter? What elements should I consider when writing one?
Disputas: Annabel Josien Slettenhaar
Disputas
26. august 2026

Disputas: Annabel Josien Slettenhaar

Nord University, Steinkjer, Auditorium B-123 and Teams
10:00
15:00
Doktorgradskandidat Annabel Josien Slettenhaar holder prøveforelesning og forsvarer sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.)  ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur ved Nord universitet