Satsingsområde: Blå og grøn vekst
Nord universitet skal vere ein drivkraft for det grøne skiftet gjennom forsking og utdanning innanfor blå og grøne fagfelt.
Nord universitet er blant dei leiande innan forsking og utdanning knytt til naturressursar. Desse ressursane bidrar til berekraftig utvikling av det grøne skiftet og ein sterk sirkulær økonomi.
Nord universitet er lokalisert i ein region med rikt naturgrunnlag, betydelige primærnæringar og framtidsretta industri. Universitetet skal prioritere utvikling av ny grunnleggande kunnskap om natur, bioteknologi, verdiskaping og sirkulære økonomiske system.
Forskning og utdanning innan blå og grøn vekst fører til auka matproduksjon og matsikkerheit. Nord universitet sitt nedslagsfelt dekker 40 prosent av Norges kystlinje og spelar ei viktig rolle innan marin matproduksjon.
Effektane av klimaendringane er sterkare i nordområda enn i resten av verda, og gjer dermed Nord universitet si geografiske lokalisering spesielt viktig. For å nå nasjonale og internasjonale mål er forsking innan blå og grøn vekst avgjerande når det gjeld auka grad av matressursar og for å avgrense menneskeleg avtrykk på klima og miljø.

Studietilbud innan blå og grøn vekst
Se alle våre andre studietilbod.