Kunstutstilling: «Landskapsberøringer»

Forskningsdagene 2024 - Kunstutstilling Nesna
Kunstutstilling: «Landskapsberøringer»
Kunsten syner verdiane av det lokale miljøet og korleis ein legg til rette for variert og kreativ undervisning.

Forskarkurset «Living in the Landscape» (LiLa) har inspirert ulike faglærarar til å utforske ulike arbeidsmetodar som er aktuelle for undervisning i skulen. Arbeidet synleggjerast gjennom utstillinga «Landskapsberøringer», som opnar måndag 23. september 2024 ved campus på Nesna.

Det er faglærarar i norsk, pedagogikk, naturfag, musikk og andre fag på Nesna som har fordjupa seg i estetiske læringsprosessar og skaparglede. - For oss som faglærarar er den estetiske dimensjonen viktig i arbeidet med våre fag, og vi utvidar vårt repertoar av metodar og tankesett. Kunstuttrykket er forankra i lokal historie, kultur og omgjevnader, og ikkje minst i FN sine berekraftsmål, fortel Anne Lise Wie ved Nord universitet i Nesna, og legg til:

- Vi har lært meir om verdien av estetiske arbeidsformer i eigne fag, og ser samstundes kva eigenverdi dei estetiske faga har som fag. Vi treng faglærarar som har den grunnleggjande fagkompetansen i estetiske fag, som kan undervise og rettleie.

Kunstnarar i utstillinga:

  • Mette Gårdvik
  • Berit Oksfjellelv
  • Anne Lise Wie
  • Agnieszka Barbara Jarvoll
  • Renate Karin Nordnes
  • Karin Stoll
  • Wenche Sørmo
  • Anne Mette Bjørnvik Rosø
  • Claude Goffeney
  • Emmelin Øwre Lyngås
  • Frida Langseth
Workshop: Narrative CVs in grant applications
Kurs bibliotek
Forskning
Webinar
26. august 2026

Workshop: Narrative CVs in grant applications

Zoom
09:30
11:30
What are narrative CVs? Why do they matter? What elements should I consider when writing one?
Disputas: Annabel Josien Slettenhaar
Disputas
26. august 2026

Disputas: Annabel Josien Slettenhaar

Nord University, Steinkjer, Auditorium B-123 and Teams
10:00
15:00
Doktorgradskandidat Annabel Josien Slettenhaar holder prøveforelesning og forsvarer sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.)  ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur ved Nord universitet